Venelaget for Gruo

Venelaget for Gruo Venelaget for Gruo arbeidar for å ta vare på det gamle gruveområdet på Litlabø. Siden 2005 er det arbeida med prosjektet "Eit levande gruvemuseum".

Venelaget for Gruo vart stifta i 1993 med det føremål å ta vare på det gamle gruveområdet på Litlabø. Dette vil i praksis bety at det arbeides kontinuerlig med prosjektet av folk på dugnad kvar måndag.

Grusvegen som Venelaget har bestilt opp til Storsynken er no i full gong med å bli lagd. Gravemaskina har laga rundløype...
12/05/2026

Grusvegen som Venelaget har bestilt opp til Storsynken er no i full gong med å bli lagd. Gravemaskina har laga rundløype og har byrja å arbeida seg tilbake mot Rødkleiv forbi idrettsplassen.

Underteikna tok turen opp til Storsynken i dag saman med fleire andre. Geologane våre har oppdaga eit svakt punkt ved gjerdet som omkransar Storsynken, og det er uro for at området kan rasa ut ved store nedbørsmengder.

Det blei sett opp sperreband ved gjerdet, slik at ein no må halda større avstand ved passering av det aktuelle punktet.

Framfor tårnet blei gravemaskina brukt til å planera meir av området. Under inspeksjon av kummelokket, som var nytt i fjor haust, viste det seg at det har fått store skadar som følgje av syrehaldig gruvevatn.

Tekst/foto: Kim Amlien ©

Etter vel gjennomført open dag var det tid for å venda tilbake til arbeidet. I kveld blei ei heil vogn med grus køyrd in...
09/05/2026

Etter vel gjennomført open dag var det tid for å venda tilbake til arbeidet. I kveld blei ei heil vogn med grus køyrd inn i Høgåsen gruve og lagt som nytt dekke der det tidlegare var pallar. Trillebår og grafse var gode å ha for å utføra arbeidet.

Det blei særs flott med det nye dekket, og så rotnar det heller ikkje.

tekst: Kim Amlien
foto: Geir Magne Hamnes ©

Fredag 1. mai  2026Endeleg var det tid igjen for open dag her på gruveområdet, og betre vêr til høvet kunne ein ikkje ha...
02/05/2026

Fredag 1. mai 2026

Endeleg var det tid igjen for open dag her på gruveområdet, og betre vêr til høvet kunne ein ikkje ha bestilt – sol og skyfri himmel så langt auga kunne sjå.
Folk strøymde på etter kvart utover dagen, og toget gjekk kontinuerleg. Heile 23 avgangar kunne billettseljaren rapportera om.
Omvisingar blei det òg. I år var det berre mogleg å gå under tårnet og inn i Sadalen gruve, då tårnet er stengt på grunn av tryggleikshensyn. Mange valde òg å nytta seg av dette.
I smia frå Børtveit viste Wilfred Sætre korleis ein gjorde om «dogs» (jernbanespikar) til kniv. Eit flott arbeid, kan ein trygt seia.

I kafeen var det sal av kaffi, kaker, pølser og is. Også her gjekk salet unna, og folk såg ut til å kosa seg i sola med mat og drikke.

Venelaget takkar for oppmøtet og ønskjer velkomne igjen neste år!

tekst/foto: Kim Amlien ©

Dugnad Måndag 13. april  2026Arbeidet i Høgåsen grube heldt fram i kveld. Gravemaskina var køyrd inn, og arbeidet med å ...
15/04/2026

Dugnad Måndag 13. april 2026

Arbeidet i Høgåsen grube heldt fram i kveld. Gravemaskina var køyrd inn, og arbeidet med å planera i katedralen var i gang.

I Sadalen grube gjekk sikringsarbeidet føre seg. Ved ein tidlegare sjekkrunde vart det oppdaga nedfall av stein, og i kveld vart to store blokker tekne ned under kontroll av geologane våre.

Skiltet som blei omtalt for nokre veker sidan, er no stort sett ferdig. Første strøket med olje vart påført i kveld, og vil truleg snart bli hengt opp.

På gruveområdet var det både oljeskift, vedkløyving og planting på gang. Lokomotivet «Blåmann» var blitt heist av sporet og sett på bukkar for oljeskift. Trucken blei etterpå brukt til å kløyva ved, noko som viste seg å vera svært effektivt. Kjekt å ha utstyret i orden.

tekst/foto: Kim Amlien ©

Dugnad, tysdag 7. aprilVåren viste seg frå alle sider då dugnaden vart teken opp att etter påske.Inne i Høgåsen gruve bl...
11/04/2026

Dugnad, tysdag 7. april

Våren viste seg frå alle sider då dugnaden vart teken opp att etter påske.

Inne i Høgåsen gruve blei pallane som har vore brukte som golv i katedralen, fjerna. Dei held ikkje stand som underlag på grunn av det fuktige miljøet i gruva, og har vorte skifta ut fleire gonger tidlegare. No blir dei fjerna og erstatta med grus som drenerer betre.

Det er ikkje lenge igjen til 1. mai og open dag. På gruveområdet blei det rydda, og fleire var i gang med å raka lauv og fjerna kvist etter det hausten og vinteren har ført med seg.

Omvisningar er no i gang igjen. Dersom ein ønskjer omvisning, kan ein senda førespurnad til: [email protected].

tekst/foto: Kim Amlien ©

13/03/2026

Minner om årsmøtet i Venelaget mandag 16.03 kl. 18:00 i Heishuset.

Velkommen🤩

Dugnad måndag 2. marsI snikkarverkstaden heldt Ivar J. Helleland og Wilfred Sætre på med å laga eit nytt skilt som skal ...
06/03/2026

Dugnad måndag 2. mars

I snikkarverkstaden heldt Ivar J. Helleland og Wilfred Sætre på med å laga eit nytt skilt som skal monterast ved den eine inngangen til tårnet, som i dag er stengd.

I lokstallen er hestevognene no flytta opp på mesaninen, og éi av vognene heng i takbjelkane. På denne måten er det blitt frigjort meir plass til endå ein pallereol, som òg blei montert i kveld.

Venelaget har skaffa til vegar ein brøyteplog som har vore montert på ein lastebil. Her må det gjerast litt arbeid før den kan brukast av den store gaffeltrucken vår.

På BearCat-en, eller fliskuttaren vår, arbeidde Toni Vik med å få han i gang, sidan han ikkje vil starta. Han vil vera til stor hjelp når me skal kutta opp all kvisten som er klar til å matast inn.

Dugnaden blei avslutta med nysteikte lappar og kaffi. Britt Furre hadde laga lappar og stod òg for steikinga.

Tekst/foto: Kim Amlien ©

Adresse

Gruva 11
Stord Island
5415

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Venelaget for Gruo legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Venelaget for Gruo:

Del