Bakstehuset på Spissøy

Bakstehuset på Spissøy Kven me er

Bakstehuset på Spissøy er eit microbakeri tilknytt eit småbruk på Spissøy i Bømlo kommun

Til jul: Panettone, Julebrød, Sarah Bernhard konfekt, Brune pinner

🌿 Noko godt på ein sundag? 🌿Akkurat no held me på å steika ein ny runde med kanelsnurrar 😋Så om du er glad i kanelsnurra...
20/09/2026

🌿 Noko godt på ein sundag? 🌿

Akkurat no held me på å steika ein ny runde med kanelsnurrar 😋

Så om du er glad i kanelsnurrar medan dei framleis er varme frå omnen, er det berre å ta turen innom utover ettermiddagen 🤎

🍎 Me har også laga 4 ekstra porsjonseplekaker i dag!

Med mørdeig, eple frå hagen, vaniljekrem, kanel, sukker og eit dryss av pekannøtter på toppen er dette verkeleg ein liten smak av hausten.

🏃‍♀️🏃 Dei fire ekstra kakene går til dei fyrste som kjem innom eller sender melding.

Velkomen til bakstebuo! 🌾🥖💛

🌿 God sundag frå Bakstehuset på Spissøy! 🌿I dag har me nysteikte og saftige nordlandskaker klare til dei som har lyst på...
20/09/2026

🌿 God sundag frå Bakstehuset på Spissøy! 🌿

I dag har me nysteikte og saftige nordlandskaker klare til dei som har lyst på desse tradisjonsrike kakene til kaffien. ☕💛

Me tek også imot bestilling på porsjonseplekaker fram til kl. 13.00 i dag. Desse kan hentast mellom kl. 14.00 og 17.00. 🍎🥧
Me lagar dei med mørdeig, hentar epla frå treet i hagen, raspar dei og blandar dei med litt kanel og sukker. Saman med vaniljekrem og eit dryss av pekannøtter på toppen blir dette ein herleg smak av hausten. Nyt dei gjerne lune saman med vaniljeis eller ein kremtopp.

Og sjølvsagt har me også våre populære kanelsnurrar. 🤎

Me legg ut kanelsnurrar og nordlandskaker frå kl. 12.00, og då er det berre å koma og forsyna seg, vippsa og nyta.

Ønskjer du eplekake, sender du oss berre ei melding, så lagar me den og pakkar den klar til deg.

🌾 Velkomen innom bakstebuo! 🥖😊

1/2 pris på baksten i buo no 😊
13/09/2026

1/2 pris på baksten i buo no 😊

🚨 FERSK BAKST I BUO NO! 🚨✅ Alle førehandsbestillingane er ferdig pakka og klare for henting!I tillegg er det masse bakst...
13/09/2026

🚨 FERSK BAKST I BUO NO! 🚨

✅ Alle førehandsbestillingane er ferdig pakka og klare for henting!

I tillegg er det masse bakst til kven som helst som ynskjer å nyta noko godt idag 😋

🥨 Skillingsboller
🤍 Skillingsboller med ostekrem
🧡 Skillingsboller med brunostkrem
🌼 Skuleboller

Velkomen innom Bakstebuo på Spissøy, ved Fangavikvegen 45, 5440 MOSTERHAMN ❤️🏡🥨

Me står på Heiane Storsenter  idag fram til kl 1530.På menyen: Brød og småbakst: 🥕 Gulrotbrød 🌾 4-kornbrød 🌾 Speltbrød 🥖...
12/09/2026

Me står på Heiane Storsenter idag fram til kl 1530.

På menyen:
Brød og småbakst:
🥕 Gulrotbrød
🌾 4-kornbrød
🌾 Speltbrød
🥖 Pain Paillasse lys
🥖 Pain Paillasse rustik
🍕 Pizzasnurrar
🫒 Focaccia
🧀 Rundstykke med urter og ost

Noko søtt til kaffen:
🌰 Kransekakestenger
🥨 Skillingsbollar
🍮 Skulebollar
💚 Pistasjknutar
🍏 Eplebollar
🍪 Cookies med sjokolade og peanøtter
⭐ Nordlandskaker (ferske)

Velkomen!

🌾🥕 Laurdagsutsalg 12. september 🥖☕📍 Bytunet , Leirvik 🕚 Kl. 11.00–13.30📍 Bømlo Storsenter As , Bremnes 🕚 Kl. 11.00–16.00...
11/09/2026

🌾🥕 Laurdagsutsalg 12. september 🥖☕

📍 Bytunet , Leirvik
🕚 Kl. 11.00–13.30

📍 Bømlo Storsenter As , Bremnes
🕚 Kl. 11.00–16.00

📍 Heiane Storsenter
🕙 Kl. 10.00–15.00

Me fyller opp med nybaka brød, rundstykke, søtbakst og litt ekstra godt til helga!

Brød og småbakst:
🥕 Gulrotbrød
🌾 4-kornbrød
🌾 Speltbrød
🥖 Pain Paillasse lys
🥖 Pain Paillasse rustik
🍕 Pizzasnurrar
🫒 Focaccia
🧀 Rundstykke med urter og ost

Noko søtt til kaffen:
🌰 Kransekakestenger
🥨 Skillingsbollar
🍮 Skulebollar
💚 Pistasjknutar
🥧 Mandelknutar
🍏 Eplebollar
🍪 Cookies med sjokolade og peanøtter
⭐ Nordlandskaker (ferske)

Velkomen innom Bakstehuset på Spissøy laurdag! Førstemann til mølla gjeld på enkelte varer, så det kan løna seg å vera tidleg ute. 😊

Treng du å førehandsbestilla for henting på Spissøy, er det kjekt å få bestillinga så snart som råd. Me rekk ikkje lesa meldingar laurdag morgon. 😊

☕ Me gler oss til å sjå dykk! 💛

🥨 Den store skillingsbollestriden i bakeriet! Ungdommen vann denne gongen... 😅I lang tid har det vore semje i bakeriet o...
08/09/2026

🥨 Den store skillingsbollestriden i bakeriet!

Ungdommen vann denne gongen... 😅

I lang tid har det vore semje i bakeriet om at ei skillingsbolle skal få lov å vera ei skillingsbolle. Ingen krem, ingen topping og ingen moderne påfunn.

Men så har me ein ungdomsgjeng i bakeriet som brukar litt for mykje tid på Instagram og TikTok. 😉 Dei meiner at skillingsboller med kremostkrem på toppen er noko av det beste som finst.

Dei litt meir erfarne i bakeriet er ikkje heilt overbeviste. Dei held framleis fast på at skillingsboller har vore gode i generasjonar utan kremost, og at dei bør få lov å vera slik dei alltid har vore.

Etter fleire livlege diskusjonar rundt bakebordet har me bestemt oss for å gjera noko me sjeldan gjer: 😜

Me skal lytta til ungdommen.

Når me er ute og sel på marknader og salspunkt er det ikkje særleg praktisk med kremostkrem på toppen før bollen skal i posen, så derfor har me halde oss til den klassiske varianten. Men no tenkjer me at det er på tide å finna ut kva all denne begeistringa handlar om.

Komande sundag 13. september serverer me derfor våre saftige skillingsboller med ein skikkeleg digg kremostkrem. 🤎

Så no er spørsmålet:
👍 Team klassisk skillingsbolle
❤️ Team skillingsbolle med kremostkrem

Kom innom, smak og hjelp oss å avgjera den store skillingsbollestriden!

🌟 I dag har me nysteikte nordlandskaker og cookies i Bakstebuo! 🍪🥨Ta turen innom og finn deg noko godt til kaffien ☕️😊Ve...
06/09/2026

🌟 I dag har me nysteikte nordlandskaker og cookies i Bakstebuo! 🍪🥨

Ta turen innom og finn deg noko godt til kaffien ☕️😊

Velkomen innom!

🌾🥕 Laurdagsutsalg 5. september 🥖☕📍 Bytunet ,  Leirvik 🕙 Kl. 11.00–13.30📍 Bømlo Storsenter As, Bremnes 🕙 Kl. 11.00–16.00📍...
03/09/2026

🌾🥕 Laurdagsutsalg 5. september 🥖☕

📍 Bytunet , Leirvik
🕙 Kl. 11.00–13.30

📍 Bømlo Storsenter As, Bremnes
🕙 Kl. 11.00–16.00

📍 Heiane Storsenter
🕙 Kl. 10.00–15.00

Me fyller opp med nybaka brød, rundstykke, søtbakst og litt ekstra godt til helga!

Brød og småbakst:
🥕 Gulrotbrød
🌾 4-kornbrød
🌾 Speltbrød
🥖 Pain Paillasse lys
🥖 Pain Paillasse rustik
🍕 Pizzasnurrar
🫒 Focaccia
🧀 Rundstykke med urter og ost
🍅 Rundstykke med oliven, tomat og fetaost

Noko søtt til kaffen:
🌰 Kransekakestenger
🥨 Skillingsboller
🍮 Skuleboller
💚 Pistasjknutar
🍏 Epleboller
🍪 Cookies med sjokolade og peanøtter
⭐ Nordlandskaker (ferske)

Velkomen innom Bakstehuset på Spissøy laurdag! Førstemann til mølla gjeld på enkelte varer, så det kan løna seg å vera tidleg ute. 😊

Treng du å førehandsbestilla for å henta på Spissøy er det kjekt med bestillinga så snart som råd. Me rekk ikkje lesa meldinga på laurdag morgonen 😊

☕ Me gler oss til å sjå dykk! 💛

🥖☕️

Adresse

Fangavikvegen 45
Mosterhamn
5440

Åpningstider

Lørdag 11:00 - 16:00
Søndag 12:00 - 16:00

Telefon

+4797552000

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bakstehuset på Spissøy legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Bakstehuset på Spissøy:

Snarveier

Del

Type