Chez maman Crêperie & Café

Chez maman Crêperie & Café ☕️🇧🇻🇨🇵Enkel og god franskinspirert mat i heimekoseleg atmosfære
🕘OPNINGSTIDER:
Tysdag til laurdag: kl. 11-17

Takk for ein utruleg triveleg Pintxos-aften i går!🤩 Mykje folk og uformell og god stemning. Dette er akkurat slike opple...
27/09/2026

Takk for ein utruleg triveleg Pintxos-aften i går!🤩 Mykje folk og uformell og god stemning. Dette er akkurat slike opplevingar vi ønskjer å skape for, og i lag med, gjestane våre. Vi er SÅ takksame for all skryt og godord for maten på pintxos-buffeten. Det varmar langt inn i hjarterota❤️

Det ligg mykje arbeid i å kunne sette fram brett etter brett med hundrevis av smårettar av mange slag, spesielt når stort sett alle komponentar blir laga frå grunnen av. Det skal planleggast, steikast, kokast, kuttast, krydrast, monterast, danderast osv osv... Ikkje minst skal alt timast og tilretteleggast med fleire kokkar i sving med ulike prosjekt på eit forholdsvis lite kjøken.
Litt hektisk blir det alltid i innspurten, då mange operasjonar skal sluttstillast på same tid. Men vi kom i mål denne gongen også!🥰

Kik på bilda og få eit lite innblikk både i aktiviteten i kulissane og resultatet på buffeten😊

Eilif spesial: Ansjosbrikker med oliven og Espelettechili!🤩 Kjem snart til ein Pintxos-aften nær deg!😄Pintxos-aften i cr...
25/09/2026

Eilif spesial: Ansjosbrikker med oliven og Espelettechili!🤩 Kjem snart til ein Pintxos-aften nær deg!😄

Pintxos-aften i crêperiet!

I kveld har ho mor laga deilig tapenade!🤩 Raud, grøn og svart❤️💚🖤Guffadermeg kor godt det er!😋😋😋Full førebuing i kulisse...
24/09/2026

I kveld har ho mor laga deilig tapenade!🤩 Raud, grøn og svart❤️💚🖤
Guffadermeg kor godt det er!😋😋😋

Full førebuing i kulissene til Pintxos-aften i crêperiet! Laurdag 26.september frå kl 20.00.

18/09/2026

NB: No er lenka til billettane til Odd-Erik Lothe oppe og går igjen! Løp og kjøp!😃

Vi har noko stort på gang laurdag 14.november!🤩Blir annonsert innan 48 timar! (seinast fredag 18.september)FØLG MED!
16/09/2026

Vi har noko stort på gang laurdag 14.november!🤩
Blir annonsert innan 48 timar! (seinast fredag 18.september)

FØLG MED!

Storfint søndagsbesøk i crêperiet av ein superhyggeleg gjeng frå Belgia i dei kulaste Bentleyane frå 40-talet🤩Fin avslut...
13/09/2026

Storfint søndagsbesøk i crêperiet av ein superhyggeleg gjeng frå Belgia i dei kulaste Bentleyane frå 40-talet🤩

Fin avslutning på ei kjekk Eidamesse: mange fine gjestar, deilig mat, god drikke, fantastisk loungejazz og kule bilar. Kan vel ikkje bli stort betre❤️

Adresse

Eidsgata 2a
Nordfjordeid
6770

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Chez maman Crêperie & Café legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del