22/12/2025
Julehøgtida nærmar seg, og vi ynskjer å minne alle om å fornye reseptar hjå fastlegekontoret, samt hente ut naudsynte medisinar frå apotek.
Vi oppmodar også om å ha reseptfrie smertestillande og febernedsettande medikament tilgjengeleg. Har ein barn bør ein også ha rett styrke og andre formar (som stikkpiller og mikstur) som er tilpassa vekt og alder.
Nordfjord legevakt er åpen heile døgnet på helg og heilagdagar, og kan kontaktast på telefon 116117 for sjukdom og skade som ikkje kan vente til fastlegekontoret åpnar igjen.
Så vil vi ynskje alle ei fredeleg jul og eit godt nytt år !