HTH Sunnfjord Kjøkkenforum

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

HTH Sunnfjord Kjøkkenforum Vi hjelper deg å skape rom du trivast i! Kjøkken - Baderom - Garderome - Entré. Kom innom butikken vår i Førde.

Utstillingskjøkken til sals: 80 000 kr (veil. pris 159 932 kr) 🖤Vi gjer plass til nytt i utstillinga, og sel difor kjøkk...
09/11/2026

Utstillingskjøkken til sals: 80 000 kr (veil. pris 159 932 kr) 🖤

Vi gjer plass til nytt i utstillinga, og sel difor kjøkkenet One til om lag halv pris. Frontane har ein dekor som etterliknar svart eik, og benkeplata er i Corian med formstøypt vask med stålbotn og avrenningsriller. Langs veggen er det ein støypt kant på om lag 10 cm, og i benkeplata er det ein flippkontakt.

Dette følgjer med:
- Kvitevarer frå Siemens
- Ventilator frå Røros Hetta

Lengde: 3470 mm

Kjøleskap følgjer ikkje med, men kan leverast mot tillegg. Kjøpar demonterer sjølv, eller vi tek demonteringa mot tillegg.

Bilete og meir informasjon finn du i Finn-annonsen. Lenkja ligg i storyen og bioen vår. Du er òg velkomen innom oss i Naustdalsvegen 5, eller ring 57 82 66 10.

oppussing

Eit klassisk kjøkken treng ikkje vere kvitt.Med dei profilerte frontane og den djupe blåfargen får kjøkkenet eit uttrykk...
03/11/2026

Eit klassisk kjøkken treng ikkje vere kvitt.

Med dei profilerte frontane og den djupe blåfargen får kjøkkenet eit uttrykk som kjennest både tidlaust og personleg. Noko for deg, kanskje? 💙

Klassiske detaljar med moderne fargar gir eit kjøkken som høyrer heime i alt frå herskapsleilegheiter til moderne hus ✨

Modell: Tradition
Farge: Stormy Blue

Visste du at du kan booke designmøte hos oss sjølv, når det passar deg?Gå inn på www.hth.no, trykk «Book designmøte» og ...
29/10/2026

Visste du at du kan booke designmøte hos oss sjølv, når det passar deg?

Gå inn på www.hth.no, trykk «Book designmøte» og vel HTH Sunnfjord. Så vel du om du vil møte oss i butikken eller online, og finn ein dag og eit klokkeslett som passar.

Eit møte i butikken varer i 90 minutt, og du får ei 3D-teikning og eit uforpliktande tilbod etterpå. Online-møtet varer i 45 minutt og er fint om du vil starte med inspirasjon og planlegging heimanfrå ☺️

Finn du ingen ledig tid som passar? Send oss ei melding, så ordnar vi noko!

Lenkje i bio.

designmøte

26/10/2026

Eit nytt kjøkken er eit stort kjøp, og det er mykje å ta stilling til undervegs. Difor følgjer vi deg gjennom heile prosessen! 👋🏻

Hos oss i Førde får du hjelp med planlegging, designval, oppmåling og montering. Du har same kontaktperson heile vegen, så du slepp å forklare deg på nytt og på nytt.

Første steg er eit designmøte. Book tid sjølv på www.hth.no, når det passar deg. Lenkje finn du i bio!

Vant du!? Vi har trukke ein vinnar av konkurransen vår her på Instagram, og den heldige som får eit gåvekort på heile 20...
22/10/2026

Vant du!? Vi har trukke ein vinnar av konkurransen vår her på Instagram, og den heldige som får eit gåvekort på heile 2000,- til bruk hos Alti Førde er Torunn (Torunn 🌸) 👏🏻

Og du! Det blir fleire konkurransar framover, så her er det berre å følgje med ✨

NY PRIS 340 000 KR🤩 Kom innom oss og sjå på dette flotte kjøkkenet vi skal selge frå utstilling.
19/10/2026

NY PRIS 340 000 KR🤩 Kom innom oss og sjå på dette flotte kjøkkenet vi skal selge frå utstilling.

Har du sett ei skapdør opne seg slik? Denne skapdøra knekk i to og foldar seg til sides, så du slepp ei stor dør som slå...
16/10/2026

Har du sett ei skapdør opne seg slik? Denne skapdøra knekk i to og foldar seg til sides, så du slepp ei stor dør som slår ut i rommet ✨Ein liten detalj som både er praktisk og gir det lille ekstra.

Tusen takk til alle som tok turen innom standen vår på Bilmessa i helga! Vi synast alltid det er kjekt å høyre om både o...
12/10/2026

Tusen takk til alle som tok turen innom standen vår på Bilmessa i helga! Vi synast alltid det er kjekt å høyre om både oppussingsplanar og nye husprosjekt ☺️ Konkurransane våre var populære, og alle vinnarane er kontakta 👏🏻

Rakk du ikkje snakke med oss, eller kom du på eit spørsmål etterpå? Send oss ei melding eller besøk oss i butikken!

Foto: Marte Mandelid

Møt Tor-Inge! Eigaren og altmoglegmannen hos HTH Sunnfjord Kjøkkenforum 😊Han her har ein finger med i det meste. Den ein...
01/10/2026

Møt Tor-Inge! Eigaren og altmoglegmannen hos HTH Sunnfjord Kjøkkenforum 😊

Han her har ein finger med i det meste. Den eine stunda sit han med rekneskap, den neste er han i kundemøte eller i gang med å teikne eit nytt kjøkken.

Han tek hand om førespurnader frå både privatkundar og bedrifter, teiknar, prisar, bestiller og følgjer opp. Frå dei første ideane til detaljane i bestillinga - Tor-Inge er med frå A til Å! 👋🏻

Går du med planar om litt nytt i huset, eller skal du bygge? Kom innom for ein prat, eller send oss ei melding. Vi finn tid til å sjå på ideane dine!

Adresse

Naustdalvegen 5
Førde
6800

Åpningstider

Mandag 10:00 - 16:00
Tirsdag 10:00 - 16:00
Onsdag 10:00 - 16:00
Torsdag 10:00 - 16:00
Fredag 10:00 - 16:00

Telefon

+4757826610

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når HTH Sunnfjord Kjøkkenforum legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til HTH Sunnfjord Kjøkkenforum:

Snarveier

Del

Bakerier i nærheten