Vestnorsk kulturakademi

Vestnorsk kulturakademi Her finn du info om kurs og nyhende ved Vestnorsk kulturakademi (VKA) på Voss. Kontakt tlf 903 68 990 Bygdene er i omstilling og utvikling.

VKA er eit regionalt kunnskapssenter for kultur og bygdenæring. Akademiet er utvikla sidan 1993 i eit nært samarbeid mellom lokale eldsjeler, Voss kommune, Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland husflidslag, og universitetet og høgskulen i Bergen. Det krevst kunnskap om regionen og medvit om korleis lokale ressursar og verdiar skal forvaltast og korleis bygdene skal profilerast i framtida. Mange unge menneskje ynskjer vidare utdanning. VKA gjev eit lokalt tilbod om vidareutdanning og er eit godt alternativ til å flytta eller pendla. Undervisningsinstitusjonar har ei sterk tiltrekkingskraft og bestemmer i stor grad også framtidig bustad, og er difor ein ressurs for lokalmiljøet.

Minner om at VM i jolaøl 2026 blir i Ungdomshallen på Vangen fredag 11. desember! På tide å planleggje brygginga! Hugs d...
19/09/2026

Minner om at VM i jolaøl 2026 blir i Ungdomshallen på Vangen fredag 11. desember! På tide å planleggje brygginga! Hugs den viktige meirsmaken! Lukka til! 🍺😃

Dag 2 av skifertekkingskurset er avslutta. Deltakarane er ivrige og lærer fort. Veldig produktiv dag til tross for mykje...
19/09/2026

Dag 2 av skifertekkingskurset er avslutta. Deltakarane er ivrige og lærer fort. Veldig produktiv dag til tross for mykje regn. Vestnorsk kulturakademi Studieforbundet kultur og tradisjon

Dag 1 av skifertekkingskurset er over. Flinke og interesserte deltakarar. Etter ein lang føremiddag med teori på Skulsta...
18/09/2026

Dag 1 av skifertekkingskurset er over. Flinke og interesserte deltakarar. Etter ein lang føremiddag med teori på Skulstadmoen, der instruktør Olav Langesæter innvidde deltakarane i skiferen si vidunderlege verd, kom vi i gang med tekkinga etter lunsj. Ivrige deltakarar har kome godt i gang med arbeidet. Smio får eit vakkert tak. Ein våt dag, men kurset er prega av mykje godt humør! Vestnorsk kulturakademi Studieforbundet kultur og tradisjon Olav Langesæter

Fint på Tvildemoen i dag og alt er klart til kurs i skifertekking 18.-20.09. Skiferen er komen på plass og smio gler seg...
08/09/2026

Fint på Tvildemoen i dag og alt er klart til kurs i skifertekking 18.-20.09. Skiferen er komen på plass og smio gler seg til å få stein på taket. Velkommen til alle deltakarane!

Så er kurset I brygging av råøl i Geiranger over. Deltakarane fekk vera med på tradisjonell brygging av råøl på Mølsæter...
02/09/2026

Så er kurset I brygging av råøl i Geiranger over. Deltakarane fekk vera med på tradisjonell brygging av råøl på Mølsæter. Vi brygga med gjær (kveik) frå Møl Utigard som vart funnen på ein gjærstokk (1850) og som vart vekt til live i Kveikprosjektet. Gjæren kan vera over 100 år gammal. Flott vær og fantastisk bryggeplass hos Jakob Torp Årset. Det var med alt frå erfarne bryggarar til andre med mindre erfaring. Det var ein god mix og bryggedagen gjekk som ein røyk. Her er litt bilder frå brygginga. Vestnorsk kulturakademi Studieforbundet kultur og tradisjon NIBIO Geiranger Bryggeri

Denne veka arrangerer Vestnorsk kulturakademi kurs i brygging i Geiranger saman med lokale bryggarar og andre interesser...
31/08/2026

Denne veka arrangerer Vestnorsk kulturakademi kurs i brygging i Geiranger saman med lokale bryggarar og andre interesserte. Vi skal bryggje råøl med ein kveik frå Møl Utigard, som VKA og NIBIO fann på ein gjærstokk med 1850 inngravert på stokken. Gjæren er vekt til live og skal no brukast i brygging. Det er usikkert når gjærstokken vart brukt sist, men vi ser ikkje vekk i frå at denne gjæren kan vera over 100 år gammal. Studieforbundet kultur og tradisjon kulturakademi

Ein ny dag på Tekstilkultur 1 på Tvildemoen. No går det i ullsortering og førebuing til veving av raggvarfeldur på mini ...
29/08/2026

Ein ny dag på Tekstilkultur 1 på Tvildemoen. No går det i ullsortering og førebuing til veving av raggvarfeldur på mini oppstadvev. Veldig triveleg med så mange studentar på Vestnorsk kulturakademi. Vi gler oss allereie til neste samling på VKA i slutten av oktober.

Så er Tekstilkultur 1 starta opp med første samling på Vestnorsk kulturakademi i dag. Tema er frå frø til tekstil. Aldri...
28/08/2026

Så er Tekstilkultur 1 starta opp med første samling på Vestnorsk kulturakademi i dag. Tema er frå frø til tekstil. Aldri før har det vore så mange studentar på Tekstilkultur. Det er fantastisk at vi no har 40 studentar på studiet. Høgskulen på Vestlandet HVL Vestnorsk kulturakademi

Adresse

Magasinvegen 26, Tvildemoen
Vossavangen
5705

Åpningstider

Tirsdag 11:00 - 15:00
Onsdag 11:00 - 15:00

Telefon

+4790368990

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vestnorsk kulturakademi legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Vestnorsk kulturakademi:

Snarveier

Del