29/09/2022
Hei! Her kjem ei lita oppdatering på eplehausten 2022. I år har vi vore ute for Rognebærmøllen igjen. De hugsar gjerne at vi hadde eit stort åtak også i 2020. I år er det like gale, noko som medfører at vi mistar heile avlinga med tanke på salg.
Vi hadde håp om ein ekstra god sesong i år, då dette også vert siste året vi driftar for eplesalg hjå oss. Dessverre vart det ikkje slik.
Vi er komne til den konklusjonen at vi ynskjer og har behov for å prioritere små ungar og familie i tida framover. Vi ynskjer å takke så mykje for åra med kjøp av eple hjå oss. Det har vore mange kjekke møte med mange flotte folk!
Beste helsing, Bjørnar og Karoline G. Eik.