Kàdn & Alde

Kàdn & Alde Ekte brød er godt for deg, for lokalsamfunnet og for planeten vår. Kádn & Alde er eit handverksbakeri som byggjer på reine naturlege råvarer.

Vi bakar ekte brød der ingrediensane er økologisk mjøl, samt tid og omsorg for eit ekte handverk.

Denne fredagen skal bakarfamilien på sauesank 🐏🌧️⛰️ og bakeriet held difor stengd. Velkomen att neste veke 🤎
16/09/2026

Denne fredagen skal bakarfamilien på sauesank 🐏🌧️⛰️ og bakeriet held difor stengd. Velkomen att neste veke 🤎

Om du skal på Poesifestivalen i Haugesenteret eller ei: brød er å få hjå bakaren denne fredagen også 🤎LandbrødFrøbrødEmm...
10/09/2026

Om du skal på Poesifestivalen i Haugesenteret eller ei: brød er å få hjå bakaren denne fredagen også 🤎

Landbrød
Frøbrød
Emmer
Gulrot
70-,

Kanelknute
48-,
Kardemommeknute
50-,

Me er opne 15-17 🤎

Klokka 18 skal bakarfamilien på festivalopning så veldig kjekt at du hentar brød i tide denne fredagen 🤎

Søye i skårfeste er sjeldan å oppleva for oss. Heldigvis. Men førre veke var det noko på F***g si e-bjølle som skurra. D...
07/09/2026

Søye i skårfeste er sjeldan å oppleva for oss. Heldigvis. Men førre veke var det noko på F***g si e-bjølle som skurra. Då må ein ut på ekstra tilsyn, og “skurret” viste seg å stemma. Skårfast på ei hylla ruvande over Instavatnet på rundt 800 moh stod ho og verlammet hennar. Med god hjelp fekk me dei begge trygt opp. Tau og handamakt gjorde susen, og stigen me drog på frå næraste støl vart heldigvis overflødig. Så får me håpa verlam nr 2 går med ein anna flokk, og ikkje prøvde finna vegen utfor kanten… 🐏🤍

04/09/2026
September er her hausten er komen 🍁 Det tyder opningstid frå 15-17 i bakeriet på Syse 🍂Denne fredagen kan du tinga deg:L...
03/09/2026

September er her hausten er komen 🍁 Det tyder opningstid frå 15-17 i bakeriet på Syse 🍂

Denne fredagen kan du tinga deg:

Landbrød
Frørbrød
Emmer
Gulrotbrød
70-,

Kanelknute
48-,
Solsnu
50-,

🥨 Velkomen innom for ein lokal handel fredag mellom 15-17 🤎

Ei etterlenga solveke på seinsommaren går mot slutten ☀️ Eit solglimt mellom fredagsbyene kan kanskje vera bakarens baks...
27/08/2026

Ei etterlenga solveke på seinsommaren går mot slutten ☀️ Eit solglimt mellom fredagsbyene kan kanskje vera bakarens bakst?

Landbrød
Emmer
Frøbrød
Gulrotbrød
70-,

Kanelknute
48-,
Kardemommeknute med vaniljekrem
50-,

❗️Bakarfamilien skal på fjelltur i helga, så denne fredagen er opningstida 14-16 ❗️

For å rekka toget til høgfjellet set me stor pris på at alle brødtingingar vert henta før kl 16 denne dagen ❤️

OPE FOR BESTILLING AV ÅRETS LAMMEKJØT Sauene er endå på fjellbeite og nyt godvêrsdagar på 800-1000 moh. Det er sauebonde...
23/08/2026

OPE FOR BESTILLING AV ÅRETS LAMMEKJØT

Sauene er endå på fjellbeite og nyt godvêrsdagar på 800-1000 moh. Det er sauebonden glad for, etter ein regntung sommar ⛰️

Men, me byrjar så smått å minna gamle og nye kundar på at haustens lammekjøt no kan tingast. Bestillingslista byrjar å fylla seg opp 🐏

Me sel lam av gammalnorsk spælsau som har hatt eit herleg liv i stølsheimen her i Ulvik 🤎

Som sauebønder er me opptekne av å halde ein bærekraftig produksjon der dyrevelferd, pleie av kulturlandskap og godt kjøt til forbrukaren står i sentrum. For oss handar lokal matproduksjon om framtida 🐏

Me tek imot bestilling på heile lam (195 kr kg) eller grovparterte lam (215 kr kg). Levering i Bergen sentrum/Voss/Ulvik er inkludert i prisen. Levering av sesongens kjøt skjer i veke 40-42.

Me har også mange kundar som ynskjer å kjøpa skinnfell av våre gammalnorske spælsau. Spælsauen har ei mjuk botnull og lang sterk dekkull som heng i vakre lokkar i ulik farge. Grunnfargane er svart og brun, men me har også sauer og lam i ljos brun, brunblå, kvit og viltfarga. Me tek omsyn til eventuelle fargeynskje. Leveringstid frå garveri er 8-12 månader. Pris per fell er kr 2200.

Bestillingsskjema og meir info om lammekjøt og gardsfilosofi finn du i skjema under 🤎 Bestillingsfrist 15. september

https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSc8bonSnc-2fIdQiUjPbiJhHMJ7WlbYBASdnkhaIQBbyhaGDQ/viewform?usp=header

Endeleg litt sommarsol ☀️ Fredag ser likevel ut som ein regntung dag, men kanskje fersk bakst frå bakaren Syse kan lysa ...
20/08/2026

Endeleg litt sommarsol ☀️ Fredag ser likevel ut som ein regntung dag, men kanskje fersk bakst frå bakaren Syse kan lysa opp dagen litt? Denne dagen bakar me:

Landbrød
Frøbrød
Emmer
Gulrotbrød
70-,

Kanelknute
48-,
Bringebær
(eggekrem / bringebær / hasselnøtter)
52-,

Velkomen innom fredag mellom 14-17 🤎 Me har dagens kaffe frå Jacu både til å nyta i utsalet eller til å ta med heim som bønner i pose ☕️

Sauebonden må til støls og sjå til sau og fylla på med salt i høgfjellet 🐏 Men, slapp av, bakaren er att heime og preppa...
12/08/2026

Sauebonden må til støls og sjå til sau og fylla på med salt i høgfjellet 🐏 Men, slapp av, bakaren er att heime og preppar deigar til fredagsbaksten 🥨 Då some-ansvarleg skal til fjells kjem det altså bakemelding på ein onsdag, frå Sæberg ⛰️

Me reknar med små og store vil ha bakarens brød til skulestart? I hylla denne fredagen finn de

Landbrød
Frøbrød
Emmer
Gulrotbrød
70-,

Det ER fyrste skuledag på måndag og bakarjentene insisterar på skulestartbollar. Då blir det det 🤎

Skulestart
52-,
Kanelknute
48-,
Kardemommeknute
50-,

Me opnar dørene kl 14 på fredag og ynskjer velkomen innom for ein bakstehandel 🤎

Vestlandssommaren held fram ☔️, men «ljosglimt» å finna i bakeriet når bakaren trillar solbollar fredag 🥨LandbrødFrøbrød...
06/08/2026

Vestlandssommaren held fram ☔️, men «ljosglimt» å finna i bakeriet når bakaren trillar solbollar fredag 🥨

Landbrød
Frøbrød
Emmer
Gulrotbrød
70-,

Kanelknute
48-,
Sommarbolle
vaniljekrem&sukkerdryss
50-,
Kardemommeknute
vaniljekrem&kardemomme
50-,

Påfyll av Jacu-kaffe i hylla og ferskbrygga kaffi å få i utsalet ☕️🤎 Velkomen innom mellom 14-17 fredag 🥨

Adresse

Apalvegen 81, Syse
Ulvik I Hardanger
5730

Åpningstider

14:00 - 17:00

Telefon

+4741044449

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kàdn & Alde legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del

Type