Haaheim Gaard

Haaheim Gaard ...med gjennlatne auge i ei gløymd verd. Der er det små vegar som går innmed bøkehekkar og rododendroallear, dei smyg seg forbi bed med mange hundre rosetre.
(272)

Opplev ein kulturgard det ligg eit gamalt sveitserhus i tunet - med ein koselig restaurant, selskapslokaler /møtelokale, hotellrom og ein gardsbutikk med eigne og lokale smakfulle produkt Annlegget ligg i ein stor kulturhage. Veiane fører til små lysthus og paviljongar, der ein kan finne seg ein vekkgøymt stad for å nyte eit glass vin og ei bok fra biblioteket. Folk kan tre inn i ei verd dei ikkje vissta fantest. Når luren gjallar i fjella er middagen servert, heimelaga mat med lokale råvarer. Eller kanskje ein berre vil nyte nokre heimelaga kaker med nylaga saft og syltetøy. Haaheim Gaard skapar minner for livet! Booking på 53 43 30 00 / 904 72 920 (kl 9-15)

TO NETTER FOR PRISEN AV ÉI – BERRE DENNE HELGA, 2-4 OKTOBER!Ei stor avbestilling gir oss brått ledige rom – og dykk eit ...
29/09/2026

TO NETTER FOR PRISEN AV ÉI – BERRE DENNE HELGA, 2-4 OKTOBER!

Ei stor avbestilling gir oss brått ledige rom – og dykk eit ekstra godt høve til å unne dykk ei hausthelg på Haaheim Gaard.

Ta med den du er glad i, senk skuldrane og nyt to netter for prisen av éi. Her ventar vakre haustfargar, fine fotturar, vedfyrt badstue og god mat i historiske omgjevnader.

Gå hand i hand på tur, kjenn varmen etter ein frisk haustdag og la samtalen vare litt lenger over middagen. Kanskje er det nettopp dette de treng: tid til kvarandre, rom for dei gode samtalane og ei helg til å pleie kjærleiken.

Éi natt til å lande. Éi natt til å nyte.

Tilbodet gjeld overnatting denne helga, så langt dei ledige romma rekk. Kr 2690 for rom frokost for 2 personer heile helga! Send oss ei melding eller ring og bestill.

Velkomne til hausten på Haaheim!
Helsing husfar Torstein 90030794

18/09/2026

På Haaheim skjer det meste med stil, noko med ch*****ne – og resten heilt utan vitne. What happens at Haaheim, stays at Haaheim.

Falsk side!Det er nokon som har laget ei side som liknar Haaheim sin side. Dei kommenterer på våre innlegg å seier dere ...
16/09/2026

Falsk side!
Det er nokon som har laget ei side som liknar Haaheim sin side. Dei kommenterer på våre innlegg å seier dere har vunnet. Dere må ikkje klikke på det. Om vi har trukket nokon, skriver vi det på innlegget og seier dere kan kontakte oss direkte.
Vi har annmeldt det og eg håper vi slipper å få fleire.
Hilsen Torstein

Vi gleder oss til konsert!
03/09/2026

Vi gleder oss til konsert!

Fikk du med deg Haaheim på radioen i dag?
03/09/2026

Fikk du med deg Haaheim på radioen i dag?

Direkte fra den helt nye matbutikken til Stine i Bergen. Bergen matfestival begynner nå. Ny Netflix-film fra Tysnes.

Vinn gavekort på kr 1500 for Gatsbyjul på Haaheim! Hilde Marie wegner Lønning er trukket ut her. Lik og kommenter, så tr...
26/08/2026

Vinn gavekort på kr 1500 for Gatsbyjul på Haaheim! Hilde Marie wegner Lønning er trukket ut her.
Lik og kommenter, så trekker vi 1 sept. Vi er nesten klare med programmet…..vi greier nesten ikkje vente med å dele det. Dette blir opplevelsen du ikkje vil gå glipp av!!!!

GATSBYJUL PÅ HAAHEIM

Jul, jazz og hemmelegheiter

Denne jula skrur me tida hundre år tilbake.

Heile Haaheim blir julepynta med inspirasjon frå dei glitrande 1920-åra. Frå du kjem inn døra skal du kjenne at du har gått inn i ei anna tid – med overdådige juledekorasjonar, levande lys, fløyel, gull, fjører, perler og detaljar inspirerte av Gatsby-tida.

Og medan resten av huset gjer seg klart til jul, går seddelpressa varm i all hemmelegheit. Haaheim-dollarane rullar ut, speleborda blir gjort klare, cocktailane blir prøvesmakte – og bak enkelte dører skjer det ting me førebels ikkje kan fortelje om.

Me er klare for ei annleis julefeiring.

Velkomen til Gatsbyjul på Haaheim.

Kva skjer på Haaheim?

Det er kanskje feil spørsmål.

For noko står i programmet.
Resten må du oppdage sjølv.

Bak ei dør finn du kanskje den hemmelege baren. Ein annan stad ventar eit spelerom der Haaheim-dollarane kan få bein å gå på.

Rundt omkring i huset dukkar det opp gåter, spor og små mysterium. Nokre er enkle. Andre krev at du ser litt nærare etter.

Gjennom juleperioden kan du oppleve:

* julekonsertar
* klassiske cocktails inspirerte av 1920-talet
* vår hemmelege bar
* spelerom og spelebord
* Haaheim-dollar
* gåter, spor og små mysterium rundt i huset
* utkledningsutstyr frå Gatsby-tida
* fotostasjon med veteranbil
* julemat og lange kveldar i historiske omgjevnader
* små overraskingar me ikkje kjem til å avsløre på førehand

Kle deg for anledninga

Du treng sjølvsagt ikkje kome utkledd.

Men har du alltid hatt lyst til å finne fram dressen, vesten, hatten, fjørene, perlene eller paljettane, er dette kvelden å gjere det.

Og manglar du noko, skal me ha utkledningsutstyr på Haaheim slik at du kan gjere Gatsby-stilen komplett.

Programmet er på veg

I desse dagar legg me siste hand på programmet for Gatsbyjul på Haaheim.

Julekonsertar, mat, cocktails, aktivitetar og små hemmelegheiter skal fylle huset gjennom juleperioden.

Følg med – snart avslører me meir.

Men ikkje alt.

For når mørket fell over Haaheim, lysa blir tende, musikken byrjar å spele og Haaheim-dollarane skiftar eigar, kan det hende huset har nokre overraskingar på lur.

WHAT HAPPENS AT HAAHEIM,

STAYS AT HAAHEIM.

Gatsbyjul på Haaheim Gaard
Me er klare for ei annleis julefeiring. Er du?
Ps
Alle bildene er fra Haaheim, men KI har hjulpet med fjør og perler til våre kommer om litt. Vi gleder oss til mange fantastiske bilder!

Ta kontakt, så syr me julebord eller kurset for vennegjengen, familien eller kollegaene.
Ring gjerne Torstein direkte på 90030794

Ps
Det er nokon som har laga ei falsk side og seier at alle har vunnet.

26/08/2026

– Eg er ganske sikker på at eg ikkje har blitt klippa bort, seier Torstein Hatlevik på Haaheim gaard.

09/06/2026

Vi elsket at sommeren er kommet og hagen er i full blomst. Vi skaper mange minner med nye og gamle gjester. Opplev magien sammen med oss.

Adresse

Dalsvegen 182
Uggdal
5685

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Haaheim Gaard legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Haaheim Gaard:

Snarveier

Del