Kvinner i landbruket

Kvinner i landbruket Norsk Bonde- og Småbrukarlag sitt prosjekt Kvinner, demokrati og deltakelse fell saman med 100-års markering for kvinners stemmerett.

Vi vil synleggjere kunnskap og erfaringar frå kvinnebønder og skape eit grasrotsløft for likestilling i landbruket. I høve 100-års jubileet i 2013 jobbar Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS) med fire satsingsområde, blant desse er kvinner i landbruket. Prosjektet Kvinner, demokrati og deltakelse fell saman med 100-års markering for kvinners stemmerett og har som mål å synleggjere kunnskap og erfaringar frå kvinnebønder og vere eit grasrotsløft for likestilling i heile landbruket. På lang sikt ynskjer NBS med dette prosjektet å auke delen kvinner som eig og driv gardsbruk, auke delen kvinner som tek over gardsbruk gjennom odel og leggje til rette for at kvinner skal velje landbruket som yrkesveg. Saman med eit nettverk av inspirerande og erfarne kvinnebønder (kvinneinspiratorar) kjem det i løpet av 2013- 2014 til å haldast dialogmøte i heile landet med fokus på kvinnebønder sine erfaringar og opplevingar frå landbruket. Vi meiner det er viktig å aktivere grasrota for å få fram kunnskapen som finst blant kvinner i distrikta og byggje opp sterke lokale nettverk. Dialogmøta skal engasjere og inspirere breitt men også resultere i auka kunnskap om utfordringar og haldningar som kvinnebønder møter og om verkemiddel og tiltak som kan bidra til at kvinner vel landbruket som yrke. Samtidig vil vi synleggjere kvinneinspiratorane som føredøme for å vise fram kompetansen og mangfaldet som kvinner står for i dagens landbruk. Vil du vere med og arrangere eit møte eller arrangement med kvinner som tema? Treng du meir informasjon om prosjektet og møteopplegget? Kontakt prosjektleiar for kvinneprosjektet:

Agnes Bridge Walton
Tlf: 24 14 89 63/ 47 85 17 82
[email protected]

Adresse

Øvre Vollgate 9
Oslo
0259

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kvinner i landbruket legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Kvinner i landbruket:

Snarveier

Del