Borgund Vedovnsbakeri

Borgund Vedovnsbakeri Velkommen til vedovnsbakeriet på Borgund! Her får du ferske brød, boller, cookies, kaffi, kakao, påsmurt, toast og pizza (13-16)!

Opningstider:
Torsdag-fredag: 10-16
Laurdag-måndag: 12-16
Velkommen!

16/04/2026

Det vert ei litt annleis veke her i bakeriet, der torsdag og fredag er ope som vanleg (men utan pizza) medan laurdag og søndag er stengt. Frå og med neste veke held me ope akkurat som vanleg fram mot sommersesongen. 😌☀️

Medan bakar Matias er på ein liten påskeferie held Emily bakeriet ope på torsdag og fredag. Det vert deilig toast, bolle...
31/03/2026

Medan bakar Matias er på ein liten påskeferie held Emily bakeriet ope på torsdag og fredag. Det vert deilig toast, boller, kake og brød, men ingen pizza desse dagane. Frå laurdag er Matias attende og det vert pizza på menyen som vanleg! Ta turen innom!

Lyst på ein unik sommarjobb, eller sesongjobb? Me ser etter deg som vil vere med å skape gode opplevingar gjennom lidens...
23/03/2026

Lyst på ein unik sommarjobb, eller sesongjobb? Me ser etter deg som vil vere med å skape gode opplevingar gjennom lidenskapeleg hardt arbeid og superhyggelege menneskemøter. Nøl ikkje med å ta kontakt om du har spørsmål! Link til stillingsannonse i kommentarfelt!

Dei neste to vekene får me ein menyvariasjon som følge av at Matias, husets pizzaiolo, lagar opera og reiser rundt i fyl...
14/01/2026

Dei neste to vekene får me ein menyvariasjon som følge av at Matias, husets pizzaiolo, lagar opera og reiser rundt i fylket. 💃
Det vil sei ingen pizza, men Emily held bakeriet ope, og me har fått på plass ein eigen valnøttoast-meny!

Når du bestiller valnøttoast får du tre små skiver av surdeigsrundstykker med valnøtt, med kvit pepra saus, og osteblanding med Norvegia og Kvit Undredal (eldgamal). på toppen kan du velje mellom:
- Valnøtt og chilisaus
- Spelsau (frå Horge i Borgund) steikt i chilisaus
- Pære og chevre (ei søt og salt smaksbombe dette)
- Chorizo og chilisaus

Alle variantar kan fåast glutenfrie, og sjølvsagt utan chili for dei som ynskjer det (eller med EKSTRA chili for dei som ynskjer det🔥🔥🔥)

Velkommen! 😌😌

03/01/2026

Tusen takk P**l Friele Grung for hyggeleg besøk 1. nyttårsdag. 😌

Godt nyttår alle saman! ✨✨Me har opna bakeriet, og held ope 12-16 også i morgon, på laurdag og på søndag. Velkommen!
01/01/2026

Godt nyttår alle saman! ✨✨Me har opna bakeriet, og held ope 12-16 også i morgon, på laurdag og på søndag.
Velkommen!

Velkommen til bakeriet i dei to siste opningsdagane våre i 2025! Me har framleis julevarer inne, og mykje god mat og brø...
19/12/2025

Velkommen til bakeriet i dei to siste opningsdagane våre i 2025! Me har framleis julevarer inne, og mykje god mat og brødbakst! Me held altså stengd i romjula, men opnar att 1.-4. januar (12.00-16.00).
Skulle nokon ynskje seg fryste varer som brød, adventsbrød, kanelknuter, eller sitronsnurrer i romjula, så berre ta kontakt så ordnar me det!
God jul!!

Me har den siste tida fått inn mykje nytt bra i det vesle bakeriet vårt:- Årethun Foredling  sin utruleg gode gløgg og n...
07/12/2025

Me har den siste tida fått inn mykje nytt bra i det vesle bakeriet vårt:
- Årethun Foredling sin utruleg gode gløgg og nye julebrus!
- Kvelde Mølle sitt kvalitetsmjøl (som me nytter både i brød og pizza)!
- Marco (Sognabia) sin fantastiske Honning frå litt lengre ned i dalen.
- Chemex og Hario sitt legendariske bryggeutstyr og mykje tilbehør. Ja, og Stagg sin vasskokar som overgår alt i både stil og funksjonalitet.

Og så har me fått meir av det me har hatt før:
- Stavanger Kaffebrenneri sine franskbrente kaffebønner som passar til alt!
- Borgund Chili sin saus som snart må vinne ein pris i ein eller anna kategori.
- Årethun Foredling sine frysetørka bær og frukter, syltetøy, samt ein sinnsjukt god eplemost.

Og som om det ikkje er nok har me printa opp gåvekort på mat i bakeriet som ligg klare (og som kan sendast i post)! Ta kontakt om du vil ha tilpassa kva gåvekortet er på (til dømes 2 napolitanske pizza + 2 drikke).

Velkommen innom! 🌟

22/11/2025

Denne helga er Matias på Lærdalsmarknad (den store julemarknaden) og det vert dermed ikkje høve til å bestille pizza. Emily er her, så alt det andre me vanlegvis har, har me! Velkommen til bakeriet på Borgund, eller til boden i Kvammegården!

22/10/2025

Denne veka (23.-26. oktober) held me stengd då bakaren er på jobbreise. Velkommen att neste veke, og alle veker (torsdag-søndag) fram til jul! 🍁❄️

11/09/2025

Me minner om at bakeriet er stengd denne veka! Neste opningsdag er torsdag 18. september, og sidan me får mange spørsmål om det: Me held ellers bakeriet ope heile året gjennom! 🍁❄️🌿☀️

Ein FANTASTISK sommar på Borgund Vedovnsbakeri i forbi, og me går no attende til våre ordinære opningstider. Torsdag - f...
01/09/2025

Ein FANTASTISK sommar på Borgund Vedovnsbakeri i forbi, og me går no attende til våre ordinære opningstider.

Torsdag - fredag: 10-16
Laurdag - søndag: 12-16

Velkommen! 🍁

Me vil også melde om at det vert ein liten pause i veke 37, slik at torsdag 11.- søndag 14. september er stengd. Me melder att om dette når det nærmar seg.

Adresse

Laerdal
6888

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Borgund Vedovnsbakeri legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Borgund Vedovnsbakeri:

Del

Type