Laksen bakeri & kafé

Laksen bakeri & kafé Eit handverksbakeri i vakre Lærdal 🥐🌿💚

> 🙌 Tusen takk for strålande oppmøte på langfredagsquizen!  > Resultatlista ligg ved 🧠✨>> 🎉 **Neste – og siste – quiz bl...
07/04/2026

> 🙌 Tusen takk for strålande oppmøte på langfredagsquizen!
> Resultatlista ligg ved 🧠✨
>
> 🎉 **Neste – og siste – quiz blir 24. april kl. 19.00**
>
> Me reknar med at det blir rift om plassane, og ber difor om **førehåndspåmelding av lag**.
> 📧 Meld på laget ditt med **namn og tal på personar** til
> ****
>
> ✅ De vil få stadfesting på påmeldinga
>
> Velkomen til quiz! 🍻🎶

🐣 Langfredag – men ikkje heilt så alvorleg!😄  Me inviterer til quiz på Laksen fredag  3. april 🧠✨Perfekt avbrekk i påska...
31/03/2026

🐣 Langfredag – men ikkje heilt så alvorleg!😄
Me inviterer til quiz på Laksen fredag 3. april 🧠✨

Perfekt avbrekk i påska – enten du er quiz‑ekspert, hobbygjettar eller berre kjem for den gode stemninga 🙃
Ta med vener, familie eller kollegaer og bli med!

🕚 Opent frå kl. 11–22
🍽️ Pizza (til 19.00) og drikke heile dagen
🤓 Quiz på kvelden kl 19

Velkomen til ein sosial og kjekk langfredag hos oss 💛

☕️☕️🥐🍕🍰🧁
16/03/2026

☕️☕️🥐🍕🍰🧁

Saknar du strikkefestivalen? Vel då kan du gle deg til ny strikkekino allereie veka etter påske.

Torsdag 9. april viser Lærdal kino den Oscar-vinnande filmen Hamnet kl. 19.30. Før kinoen vert det strikkekafé i der du kan treffa andre strikkeglade og nyta mat og drikke etter eige ynskje.

Om filmen:
Hamnet fortel om den sterke kjærleikshistoria og tragedien som inspirerte Shakespeare sitt tidlause verk, Hamlet. I knallsterke hovudrollar finn me Oscarvinnaren Jessie Buckley og Paul Mescal som Agnes og William Shakespeare. Korleis går ein vidare som foreldre når den største ulukka inntreff? Filmen har hausta eit dryss med gode kritikkar rundt den følsame og djuptgåande handteringa av eit sterkt tema.

Strikkekino er sosiale og trivelege filmforestillingar spesialtilpasset deg som gjerne vil halde pinnane i gang, og kanskje møte andre strikkarar, mens du ser ein god film. Me har litt lys på i salen under filmen, slik at du kan sjå pinnar og maskar.

PS. Du er velkomen på film utan strikketøy og.

12/03/2026
Velkommen til Quiz🙌
04/03/2026

Velkommen til Quiz🙌

GIVEAWAY avslutta❤️Vinnar vart Hege - sjekk innboks!Laksen Bakeri & Kafé ynskjer å spre litt ekstra kjærleik på Valentin...
09/02/2026

GIVEAWAY avslutta❤️
Vinnar vart Hege - sjekk innboks!

Laksen Bakeri & Kafé ynskjer å spre litt ekstra kjærleik på Valentinsdagen, difor gir me bort ein trerettar Valentinsmiddag for to på Laksen Bakeri laurdag 14. februar😍 Ein perfekt kveld for kjærastar, vener – eller nokon du set ekstra pris på 💌

Slik deltek du i trekninga:
❤️ Følg Laksen bakeri & kafé og Norway’s best
❤️ Lik dette innlegget
❤️ Kommenter og fortel kven du vil ta med deg (gjerne tagg personen)

🎉 Vinnaren vert trekt torsdag 12. februar – kort frist, så hiv deg med!!

Lykke til💖

Velkomen til Valentinsmiddag på Laksen bakeri lørdag 14. februar💌Me får besøk av Mantas Vaidelis, kjøkkensjef på Frethei...
02/02/2026

Velkomen til Valentinsmiddag på Laksen bakeri lørdag 14. februar💌

Me får besøk av Mantas Vaidelis, kjøkkensjef på Fretheim Hotel i Flåm, som serverer ein nydeleg treretters middag!

Dette er kvelden for dykk som vil nyte god mat, rolig stemning og tid til kvarandre❤️✨

Pris: kun 595 kr per person- vinpakke 450 kr per person

🎬 Etter middagen kan dykk ta turen vidare til kinosalen, der den nye filmatiseringen av Wuthering Heights vises. Kinobillett kan kjøpast i døra!

01/02/2026

🎉 **Fredagsquiz på Laksen Bakeri og Cafe – 6. februar kl. 19–21!** 🎉
Quizspørsmåla er varmare enn nysteikte bollar, og kaffen er sterk nok til å gi laget ditt eit ekstra poeng (psst… nesten 😉).
**Nye lag er hjartleg velkomne** – kom som de er, eller lat som de heiter “Smartingar utan fasit”. 🧠🥖

📍 Stad: **Laksen Bakeri og Cafe**
🗓️ Dato: **6. februar**
🕖 Tid: **19:00–21:00**

Premiar: Evig heider, skryt rundt bordet – og noko godt frå disken.
Vi lovar god stemning, passe vriene spørsmål og mykje latter! 😄

Då har me trekt dei 2 siste vinnarane av kvar sin Pizza.Kaitlynn Hatch og Lerke S.SkilbreiTakk for at de deltok i konkur...
29/12/2025

Då har me trekt dei 2 siste vinnarane av kvar sin Pizza.
Kaitlynn Hatch og Lerke S.Skilbrei

Takk for at de deltok i konkurransen, gavekort på pizza kan hentes på laksen👏👏

Adresse

Øyraplassen 14
Laerdal
6887

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Laksen bakeri & kafé legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Laksen bakeri & kafé:

Del

Type