30/11/2021
Trur dette må vere det næraste Kaupanger kjem ein verdssensasjon! På søndag opnar Mini Knaken! Dette er ein elevverksemd som Emil K. Knagenhjelm og Ronja Hjelmhaug Sjøthun driv og dei har fått lov til å regjere på Knaken nokre søndagar framover. Dei er to flinke 9. - klassingar som er glad i å bake. Det betyr m.a. at det vert mogleg for første gong på ganske så lenge å smake Knaken sin gulrotkake!
Det betyr at Knaken i første omgang er open dei to neste adventssøndagane, også opnar dei på nytt nokre søndagar i januar og utover! Opningstid vert i første omgang 12.00-15.00.
Ronja og eg har ope dei to neste adventssøndagane før jul (5. og 12.). Vi kjem til å lage Knaken sin berømte gulrotkake, skillings- og rosinboller og sveler. I tillegg har pappa lovt å starte opp espressomaskina, så då er det mogleg å få Kaupangers beste kaffe òg!