12/10/2021
Årets quinoa er ferdig rensa!
No har vi akkurat fått årets avling frå rens. Den ser vesentlig reinare ut som forventa, mykje mindre ugrasfrø. I tillegg så er det ein anna artig ting. Den er vesentlig lysare og vesentlig mildare, dvs mindre saponin (bitterstoffet rundt frøa). Foreløpig inntrykk er at den kan kokes utan skylling og forsatt vere mild. Vi anbefaler likevel eit lett skyll før koking. Det er ikkje uvanlig med variasjon i saponin frå år til år, det har med vekstesesongen å gjere. Fjorårets sesong var antakelig ekstra bitter...
Og når det gjeld smaken så har vi testa på eit veldig lite utvalg forsøkspersonar, derav husfruen Marthe. Og ho hadde følgende spontane reaksjon:
"Jeg tror dette er den beste quinoaen jeg har smakt!"
Årets quinoa blir pakka og leveringsklar i løpet av eit par veker