14/11/2026
I dag, kl 16, blir det T-dans på sjukeheimen! Ta på deg danseskoa og besøk nokon du kjenner der! Eller ta med deg ein kjend og kjær i frå dei andre avdelingane rundt (Eggesbøtun, Blå, Ospeneset, eller omsorgsbustad) Øystein er ein kjekke kar som spelar fin musikk å tralle og danse til 🤩🎶🎸💃🕺🪩 kaffi og noko attåt til alle som kjem 🫶
Då er det klart for ei ny runde med T-dans på sjukeheimane.
Herøy omsorgssenter 14.november og Myrvåg omsorgssenter 21. november kl 16:00.
🎤Denne gongen kjem trubaduren Øystein Eckhoff og spelar opp med blanda drops,
litt på norsk og litt på engelsk, og gode mulegheiter for både dans og allsong.
Vi ynskjer pårørande, familiar, vener og kjende hjarteleg velkomne til å kome og vere ilag.
☕ Servering av kaffi og noko attåt til alle som kjem.
💛 Arrangør: Arbeidsgruppa kultur, helse og trivsel i Herøy står bak arrangementet.
🤝 Sponsa av: Sparebanken Norge