Flora Turlag

Ring Nettsted Kontakt bedriften

Flora Turlag Flora Turlag skal arbeide for eit enkelt, aktivt, allsidig og naturvenneleg friluftsliv đŸ€©

Turtrimmen er over for i Ă„r. Her er ei oversikt over deltakarane som har fĂ„tt premie! ⭐ TURTRIM 2026; 1. mai til 30. ok...
03/11/2026

Turtrimmen er over for i Ă„r. Her er ei oversikt over deltakarane som har fĂ„tt premie! ⭐ TURTRIM 2026; 1. mai til 30. oktober 2026.

I Är prÞvde vi noko nytt, Ä samle flest SjekkUT-besÞk i Flora Turlag sitt aktivitetsomrÄde. SjekkUT-punkta kan vere hytter, kulturminne, vadeplass, bru, sjÄverdigheit og mange andre turmÄl. PÄ dei fleste punkta ligg det informasjon om turmÄla.

Vi premierer dei 5 som har flest besÞk med ei DNT-gÄve. Deltakarane som vert premiert, vil bli offentleggjort.

Desse har tatt flest sjekkUT-punkt frĂ„ 1. mai til 31. oktober 2026. Totalt er det 241 punkt utlagt! đŸ€©

- Jofrid Sundal med 185 punkt (SengetĂžy DNT).
- Ove Hatleset med 174 punkt (HengekĂžye).
- Bjarne Trondsen med 94 punkt (DNT nett).
- Astrid Breiland Eliassen med 92 punkt (DNT nett).
- Arnfrid Bergheim med 86 punkt (DNT nett).

Desse har flest innsjekk frÄ 1. mai til 31. oktober:
- Jofrid Sundal med 337 besĂžk (SengetĂžy DNT).
- Venke Standal Byrkjeland med 301 besĂžk (HengekĂžye).
- Susanne Fredrikke Berentzen med 291 besĂžk (DNT nett).
- HÄvard Henriksen med 233 besÞk (DNT nett).
- TorbjĂžrn Nilsen med 224 besĂžk (DNT nett)

HÄvard Henriksen har berre vore pÄ besÞk pÄ BrandsÞyÄsen og likevel klart 233 besÞk. Det viser at ein kan samle punkter med berre Ä gÄ i nÊromrÄda.

Desse er trekt ut frÄ BrandsÞyÄsen:
VÄr: Oddlaug Gjengedal Svardal (HengekÞye).
Haust: HÄvard Henriksen (HengekÞye).

GodvĂȘret freista heile 24 ut pĂ„ dagens tysdagstur, faktisk ein heilt ny tur som tysdagstur. Den gjekk fĂžrst til  ÅmotstĂž...
03/11/2026

GodvĂȘret freista heile 24 ut pĂ„ dagens tysdagstur, faktisk ein heilt ny tur som tysdagstur. Den gjekk fĂžrst til ÅmotstĂžylen, sĂ„ innom SvardalsstĂžlen og vidare til HĂžgenipa pĂ„ 530 moh. Turen var velsigna med strĂ„lande sol og vindstille, og sola varma godt dĂ„ vi tok pausa ved HĂžgenipa. Der fekk vi vidt utsyn i alle retningar over haustkledde fjell. Vi sĂ„g BlĂ„fjellet i aust, Gjegnen , Ålfotbreen og Keipen med fleire fjell i nord, HĂ„steinen i vest og Eitrenipa i sĂžr. Sjelden har turleiaren Ove Hatleset fĂ„tt sĂ„ mykje skryt for turval og tur. Takk for turen. 😀

Tysdagsturen denne veka 3 november gĂ„r til SvardalstĂžylen og HĂžgenipa frĂ„ ÅmotstĂžylen  og Øyrakvia i Nedre Steindal.Oppm...
01/11/2026

Tysdagsturen denne veka 3 november gĂ„r til SvardalstĂžylen og HĂžgenipa frĂ„ ÅmotstĂžylen og Øyrakvia i Nedre Steindal.
OppmĂžte som vanleg pĂ„ Evja ved Rema 1000 kl 0930 for samkĂžyring til Øyrakvia. Vel mĂžtt til tysdagstur. 😃

Bilde1: Bildet er tatt pÄ veg til SvardalstÞylen. NÄr ein dÄ snur seg Ä ser tilbake mot HÄsteinen, kan ein fÄ eit vakkert skue.

Bilde 2: Dette bildet er tatt frÄ lia sÞr for SvardalstÞylen. Vi ser HÞgenipa rett framfor HÄsteinen.

Program for veke 45 🍂MĂ„ndag 2. november🎃  Klar for ny Turbotur? Denne dagen gĂ„r vi ei runde med turbingo pĂ„ stiane rundt...
01/11/2026

Program for veke 45 🍂

MÄndag 2. november
🎃 Klar for ny Turbotur? Denne dagen gĂ„r vi ei runde med turbingo pĂ„ stiane rundt SĂžrstrand đŸ€© OppmĂžte ved gapahuken pĂ„ SĂžrstrand kl. 17:00 🌊 Vi minner om at pĂ„ alle Barnas Turlag sine turar og arrangement har foreldre/omsorgspersonar ansvaret for sine eigne barn.

Tysdag 3. november
🎃 Tysdagsturen denne veka 03.okt gĂ„r til SvardalstĂžylen og HĂžgenipa frĂ„ ÅmotstĂžylen og Øyrakvia i Nedre Steindal ⛰ OppmĂžte som vanleg pĂ„ Evja ved Rema 1000 kl. 09:30 for samkĂžyring til Øyrakvia. Vel mĂžtt til tysdagstur! đŸ™ŒđŸ»

Meir informasjon om turane finn du pĂ„ vĂ„r nettside, link i bio 📆

Vi var 15 som gjekk tysdagsturen frÄ Tonheimslia til Liahillaren i dag. Turen opp til hillaren var tÞrr og fin, men pÄ t...
27/10/2026

Vi var 15 som gjekk tysdagsturen frÄ Tonheimslia til Liahillaren i dag. Turen opp til hillaren var tÞrr og fin, men pÄ tilbaketuren vart vi velsigna med rikeleg vÊte. I Tonheimslia hadde vi ein stopp og sÄg pÄ den nye og fine altanen som er bygd der. SÄ rusla vi vidare opp og vestover til Toene med dei gamle murane etter husa som stod der, og som framleis er godt synlege. Etter det kom vi opp i Liamarka og fekk utsyn mot Hatlesetnipa, Kloven, Liahillaren, Strupen og Skafjellet.
Vi tok ogsĂ„ ein tur nedom kvernhuset og studerte det fĂžr vi gjekk opp til Liahillaren og tok matpausen vĂ„r. Sterk vind gjorde at vi ikkje torde Ă„ ta sjansen pĂ„ Ă„ fyre opp bĂ„l, sidan det var mykje tĂžrt gras langsmed hamrane. Gode og mette etter matpausen svinga vi litt mot nordvest og sĂ„g over mot Kloven, fĂžr vi tok strake vegen ned Tonheimslia i regnvĂȘret.
Takk for turen. 🙏

Tysdagsturen komande veke gÄr til Liahillaren frÄ Tonheimslia. Det er meldt regn sÄ turleiar tenkjer at vi mÄ ha tak ove...
25/10/2026

Tysdagsturen komande veke gÄr til Liahillaren frÄ Tonheimslia. Det er meldt regn sÄ turleiar tenkjer at vi mÄ ha tak over hovudet, nÄr vi tek matpause. Det har vi under Liahillaren. Kansje tenner vi eit lite bÄl for kosens skyld.
đŸ„ŸđŸƒđŸš¶đŸ”„
MÞt opp pÄ Evja ved Rema 1000 kl 09:30 for samkÞyring til Tonheimslia og parker ved Rv5 der vegen til Tonheimslia er.
Turleiar er Ove Hatleset
Bildet er teke nĂŠr Liahillaren.

Sesongavslutning med Flora turlag onsdag 30. september 🌟 20 gr, mykje vind og surfebþlger. Vi har vel aldri padla 7,5 km...
22/10/2026

Sesongavslutning med Flora turlag onsdag 30. september 🌟 20 gr, mykje vind og surfebĂžlger. Vi har vel aldri padla 7,5 km pĂ„ sĂ„ kort tid! Ei fokusert og sporty gruppe, sĂ„ det blei ein veldig kjekk tur! 😍

Foto: Tine Holvik

Tysdagsturen denne veka gjekk som annonsert i strÄlande sol. Eikefjordfjella viste seg frÄ si beste side under skyfri hi...
21/10/2026

Tysdagsturen denne veka gjekk som annonsert i strÄlande sol. Eikefjordfjella viste seg frÄ si beste side under skyfri himmel, gode og godt merka stiar, nydelege haustfargar, fleire utsiktspunkt til den speilblanke fjorden, Eikefjordbygda og fjella rundt.
Vi var 26 som gjekk turen frĂ„ Rasteplassen til StĂžlsbrua og inn til Yste KnapstadstĂžylen, opp og utover til EikefjordstĂžylen og vidare til Kvilehytta, HovlansstĂžylen og nedatt til Rasteplassen â˜€ïžđŸ„ŸđŸƒ

Tysdagsturen komande veke gÄr i strÄlande sol til fyrste KnapstadstÞlen og utover til EikefjordstÞlen. Der vert det lang...
18/10/2026

Tysdagsturen komande veke gÄr i strÄlande sol til fyrste KnapstadstÞlen og utover til EikefjordstÞlen. Der vert det lang matpause med stÞlshistorie.
Vi kan gĂ„ nedatt frĂ„ EikefjordstĂžlen eller gĂ„ ut til HovlandstĂžlen og nedatt grusvegen. â˜€ïžđŸ„ŸđŸƒâ€â™‚ïžđŸš¶
Turleiar er Helge Aalen, som har nyrestaurert sel pÄ EikefjordstÞlen. OppmÞte pÄ Evja som vanleg 9:30.

Program for veke 43! đŸ€©MĂ„ndag 19. oktober🍂 Klar for ny Turbotur? Vi mĂžtas pĂ„ parkeringsplassen ved Torvmyrane Skule kl. 1...
18/10/2026

Program for veke 43! đŸ€©

MÄndag 19. oktober
🍂 Klar for ny Turbotur? Vi mĂžtas pĂ„ parkeringsplassen ved Torvmyrane Skule kl. 17:00, og gĂ„r saman opp mot BrandsĂžyĂ„sen ⛰ Der tenner vi bĂ„l og det vert hĂžve for Ă„ grille mat 🌭 Vi har ogsĂ„ med oss hengekĂžyer og slakk line som vanleg. Hugs hodelykt, dĂ„ det vert mĂžrkt medan vi er pĂ„ tur! 🌚 Vi minnar om at pĂ„ alle Barnas Turlag sine turar og arrangement har foreldre/omsorgspersonar ansvaret for sine eigne barn.

Tysdag 20. oktober
🍂 Tysdagsturen komande veke gĂ„r i strĂ„lande sol til fyrste KnapstadstĂžlen og utover til EikefjordstĂžlen ☀ Der vert det ein lang matpause med stĂžlshistorie. Vi kan gĂ„ nedatt frĂ„ EikefjordstĂžlen eller gĂ„ ut til HovlandstĂžlen og nedatt grusvegenđŸš¶đŸŒâ€â™‚ïž Turleiar er Helge Aalen, som har eit nyrestaurert sel pĂ„ EikefjordstĂžlen. OppmĂžte pĂ„ Evja som vanleg kl. 09:30.

Meir informasjon om turane finn du pĂ„ vĂ„r nettside, lenke nedafor 👇

https://www.dnt.no/dnt-der-du-er/dnt-sogn-og-fjordane/flora-turlag/vare-fellesturar/

Adresse

FlorĂž
6900

Åpningstider

Mandag 10:00 - 15:00
Tirsdag 10:00 - 15:00
Onsdag 10:00 - 15:00
Torsdag 10:00 - 15:00
Fredag 10:00 - 15:00

Telefon

+4790699057

Varslinger

Bli den fÞrste som fÄr vite det: Vi sender deg en e-post nÄr Flora Turlag legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formÄl, og du kan melde deg av nÄr som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Flora Turlag:

Snarveier

Del