Frivilligsentralane er mangfaldige møteplassar tufta på frivilligheten sine premissar og lokale ønskjer, ivareteken av tilsette i samhandling med frivillige, lag & organisasjonar og kommunen. •Vil du bruka litt av di tid saman med andre?
•Vil du treffa nye folk?
•Vil du vere med å starte opp aktivitetar? I tillegg kan du som ønskjer å bli frivillig, ta kontakt, så visar vi deg vidare til lag/organisasjonar som kan vere interessante for deg. Frivilligsentralen er ein stad kor gleda over å bruka seg sjølv er den betalinga ein får. Det er veldig sosialt og du får nødvendig opplæring. Vil du vere med å starte opp aktivitetar det er behov for i Kinn kommune? Det er kun fantasien som setjer grenser for kva som kan gjerast frivillig. Ta kontakt med oss for ein prat. [email protected] / 902 22692