Haugen Gardsmat

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Haugen Gardsmat Gardsmat laga med kjærleik i Flåm 🚜 Få ein smak av den spektakulære naturen vår gjennom heimelaga mat tufta på tradisjon, kvalitet og samspel med naturen.

Me har tru på framtida i marknaden som produsent av kvalitativt gode produkt der tradisjon og nytenking får spela saman til nye spanande rettar.

Sjølv om me lagar mest middag av kjé-rullade, egnar det seg godt som pålegg òg. Slik Fysen På viser her ❤️Har de smakte ...
15/11/2026

Sjølv om me lagar mest middag av kjé-rullade, egnar det seg godt som pålegg òg. Slik Fysen På viser her ❤️

Har de smakte kjé-rullade frå Sogn? Utruleg god på smak. Den er i tillegg brina i sider frå . Den naturlege syra og sødmen, frå frukthagane langs Sognefjorden, set ein ekstra god smak på rulladen.

Foto har me fått av dei flinke karane i Fysen på 🥰

Med kjærleik frå Sogn...
Odd og Kristine
Haugen Gardsmat

Tante Tennfjord og glade utegrisar på hotellet i går!Me hadde ein flott kveld på  med mellom anna garnacha og ribbe av g...
15/11/2026

Tante Tennfjord og glade utegrisar på hotellet i går!

Me hadde ein flott kveld på med mellom anna garnacha og ribbe av glade utegrisar frå Haugen Gardsmat på bordet.

Takk til Ingvild Tennfjord for ein flott kveld. Du er heilt rå! Kom snart innom oss att! 🥰❤️

Med kjærleik for gode smakar...
Odd og Kristine
Haugen Gardsmat

Ein travel dag i hovudstaden 🚜Me har levert gardsmat hjå gode vener rundt i byen. Mellom anna hjå  i Bogstadvegen. Her f...
13/11/2026

Ein travel dag i hovudstaden 🚜

Me har levert gardsmat hjå gode vener rundt i byen. Mellom anna hjå i Bogstadvegen. Her finn de noko av byens beste sjømat, vilt og delikatesse. Verdt ein tur innom! ❤️

No set me kursen vestover mot fjord, fjell og Haugen!
Foto har me fått av 🥰

Med kjærleik for Oslo...
Odd og Kristine
Haugen Gardsmat

Gardsmaten går ikkje ut med e-post! Microsoft er nede, men me er uansett på full fart austover med gardsmat i sekken. De...
13/11/2026

Gardsmaten går ikkje ut med e-post!

Microsoft er nede, men me er uansett på full fart austover med gardsmat i sekken. Denne gongen går turen til gode restaurantar og dyktige samarbeidspartnarar.

Me gler oss til å sjå dykk og fylle på med smakfull gardsmat frå Sogn!Gled dykk! ❤️

Med kjærleik frå Odd og Kristine

Eit tips om glade utegrisar frå gode Helle: «Ribbe smaker godt på brødskiva også, med hjemmelaget rødkål under!Ribba ble...
13/11/2026

Eit tips om glade utegrisar frå gode Helle:

«Ribbe smaker godt på brødskiva også, med hjemmelaget rødkål under!
Ribba ble saftig og god, med supersprø svor! Hjelper godt med gode råvarer, og i år ble det fineste ribba fra .

Testet ut to måter å steke på: en tradisjonell, i stekeovn, med damping først og så 1,5 timer steking etterpå. Saftig, og hele svoren poppet fint.

Den andre biten puttet jeg i airfryer: 30 min på 175 grader og videre 15 min på 200 grader. Perfekt! Blir nok mer bruk av airfryer fremover!» -

Med von om smakelege opplevingar...
Odd og Kristine
Haugen Gardsmat

Hallaien Bergen! Tusen takk for enormt mykje spørsmål og ynskjer om gardsmat i byn. Me saknar byen, larmen og sjølvsagt ...
13/11/2026

Hallaien Bergen!

Tusen takk for enormt mykje spørsmål og ynskjer om gardsmat i byn. Me saknar byen, larmen og sjølvsagt alle gode vener av Haugen.

Det har vore ein travel haust, men endeleg har me nokre datoar klare. Me tek atterhald om at traktoren må komma seg fram på vinterføret!

Marknad i førjulstida:

Laurdag 28. november
Laurdag 5. desember
Laurdag 12. desember
Laurdag 19. desember

Me gler oss til å sjå dykk ❤️🚜

Med kjærleik for byen vår...
Odd, Kristine og storfamilien
Haugen Gardsmat

Ei helsing frå Odd ❤️Kjé-rullade er ein favoritt hjå mange. Her kjem mine anbefalingar for servering:Knallgod saman med ...
12/11/2026

Ei helsing frå Odd ❤️

Kjé-rullade er ein favoritt hjå mange. Her kjem mine anbefalingar for servering:

Knallgod saman med bakte rotgrønnsaker med litt beter og gode poteter, og god saus til. Tre ting på ein tallerken.

Funkar også flott med gode, kokte poteter og salat: ruccola, cherrytomatar, rødløk, sukkererter og fetaost, med heimelaga ranch-dressing (naturell yoghurt, majones, litt sitronsaft, løkpulver, kvitløkspulver, sellerisalt og tørka dill).

Med von om smakelege opplevingar...
Odd og Kristine
Haugen Gardsmat

Me vakna til den første snøen i Haugen. Skikkeleg julestemning med produksjon av årets julemat. Godt me har god ved. Sjø...
12/11/2026

Me vakna til den første snøen i Haugen. Skikkeleg julestemning med produksjon av årets julemat.

Godt me har god ved. Sjølvhogst varmar ekstra godt når vinteren kjem.

Med von om ein fin dag...
Odd og Kristine
Haugen Gardsmat

Reinsdyrkjøt til jul?Saman med Filefjell Reinlag fyller me den vesle julebutikken med rein. Det vert òg med litt til Bon...
12/11/2026

Reinsdyrkjøt til jul?

Saman med Filefjell Reinlag fyller me den vesle julebutikken med rein. Det vert òg med litt til Bondens marked i tida fram mot jul.

Rein frå Jotunheimen er alltid godt. Eit av mange fjellområde me er ekstra glade i. Her går tankane til Åsmund Olavsson Vinje.

Dette er eit sitat av Åsmund som alltid treff litt ekstra i hjarta. Ta det med dykk inn i førjulstida:

"Kann du minnast utsynet fraa Skineggi den morgonen, du, daa den kvite skodda dreiv burt imillom Skagastølstindane, og Koldedalsbreane lyste som gull i solglansen. Aajei, aajei, at eg inkje skal koma dit i sumar!"

Men naar eg no er lagd i kista, so vil mi aand slaa upp sin heim deruppe milliom fjelli. Og so vil eg sitja der paa Falketind og sjaa ut yver Noreg, og Fjellradirne skal stiga fram."
- Åsmund Olavsson Vinje

Foto har me fått av gode

Med kjærleik og takksemd til både Åsmund, Jotunheimen og Filefjell Reinlag...
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Fredag køyrer traktoren til Oslo att. Denne gongen for levering av varer til gode vener rundt om i hovudstaden. Me gler ...
11/11/2026

Fredag køyrer traktoren til Oslo att. Denne gongen for levering av varer til gode vener rundt om i hovudstaden. Me gler oss!

Eitt av mange kjekke stopp er utanfor ærverdige Hotel Continental. Me veit at dei pyntar til jul, og håpar det er ferdig til me kjem.

Alltid ei eiga julestemning hjå dei fine og rause folka på Theatercafeen og Eik Annen Etage. Den vert ekstra fin med vill-hjort frå Haugen. Den som er so mør at det er som å skjera i smør. ❤️

Med kjærleik for tradisjonsrike opplevingar....
Odd og Kristine
Haugen Gardsmat

Adresse

Haugen Gard
Flåm
5743

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Haugen Gardsmat legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Haugen Gardsmat:

Snarveier

Del

Bakerier i nærheten