BalkanfestEvanger

BalkanfestEvanger Det vert diverre ikkje fleire Balkanfestar på Evanger. Festivalen vart avvikla hausten 2016. Kveldskonsertane er berre for dei over 18år.

Praktisk info om Balkanfest
Festivalområdet:
Festivalen føregår i den sjarmerande trehusgata midt i Evanger. Her står musikarane på scenen, her dansar du til musikken og finn nye vener, her lagar og serverar me maten du kan du kan eta deg mett på, her bur festivalgjester og artistar. Mykje av festivalområdet er i telt, så du treng ikkje vere redd for å verta våt, men me har ikkje varme i telta, so ta med ein varm gensar, om du ikkje er av dei mest danseglade. Det er ikkje høve til å ta med mat og drikke inn på festivalområdet, verken på dag-eller kveldstid. Overnatting:
Det vert laga til enkel Festivalcamping og sovesal. Overnattingstilbodet i sentrum er mest truleg fullbooka for lengst, men Mestad Camping (4km) og Granli Gard (12km) sel festivalpakker. Mat:
På festivalområdet sel me tradisjonelle kjøtrettar og kaker frå Balkan, samt øl, vin og ulike typar brus og alkoholfritt.. Fredag er det litt begrensa utval i matdisken. Sal av festivalfrokost både lørdag og søndag. Transport:
Det går Festivalbuss til Voss både fredag og laurdag kveld kl.01.15. Billett til denne kjøper du i billettbua. Bruk gjerne offentlege transportmiddel. Både buss og lokaltog stoppar på Evanger, 250m frå festivalområdet:
Togrute Voss-Evanger Togrute Evanger-Voss Togrute Bergen-Evanger Togrute Evanger-Bergen
Bussruter Bergen-Voss/Voss-Bergen )

Adresse

Knute Nelsongate 13
Evanger
5707

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når BalkanfestEvanger legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del