Etne Elektrisitetslag

Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Etne Elektrisitetslag EEL AS var eit samvirkeføretak inntil våren 2018. EEL AS har ikkje lengre tilsette & anleggsmidlar, Selskapet skal dele ut utbytte til allmennyttige føremål

Etne Elektrisitetslag SA er eit samvirkeføretak som ligg i gamle Etne Kommune og som er til felles nytte med varierande tal medlemmer og kapital, og har kontor på Nyvoll i Etne sentrum.

11/10/2026

Me takkar Etne Røde Kors for engasjementet og for å laga energi i Etne! Etne Røde Kors fekk 200.000 kroner frå Elagsfondet i 2026 til Camp Hjørnås.

🎬: Omega 365 Design
https://www.elagsfondet.no/

09/10/2026

Me takkar Etne hagelag - for alle hageinteresserte! for engasjementet og for å laga energi i Etne! Etne Hagelag fekk 200.000 kroner frå Elagsfondet i 2026. Høyr kva dei skal bruka det til her. 🎬: Omega 365 Design

https://www.elagsfondet.no/

27/09/2026

Etne Mållag er svært takksame for at Etne Elektrisitetslag gav oss 500 000 kroner til 100- års feiringa vår❤️.
17. oktober inviterer me til Barnebursdag for Etne Mållag. Dette er eit arrangement saman med Etne bibliotek. «Morgonfrosken» held konsert, me avduker veggmaleriet av Pølsetjuven og mykje meir. Kom,kom! Det blir så kjekt.
11.desember skal me avduke ei informasjonstavle ved bysten av Ingvar Moe. Denne dagen ville han vore 90 år. Same kveld skal me ha festforestilling for heile bygda og feire Etne Mållag og heidre Ingvar Moe. Meir informasjon kjem etter kvart.
Dette er mogeleg å gjennomføre på grunn av gåva. Takk,takk!

27/09/2026
3,8 MILLIONAR tusen takk for engasjement, energi og mange gode prosjekt i Etne! Torsdag 24. september 2026 var styret i ...
27/09/2026

3,8 MILLIONAR tusen takk for engasjement, energi og mange gode prosjekt i Etne! Torsdag 24. september 2026 var styret i Elagsfondet glade for å kunne dela ut nær 3.800.000 kroner til små og større foremål til lag og foreningar i "gamle" Etne Kommune. Ein fantastisk fin kveld!

Gåvemottakarar 2026 var:
Stiftelsen Etne Bustadskiping kr 1.000.000 til Skipingsparken
Etne Mållag kr 500.000 til Jubileumsfeiring "100 år med språk og identitet" arrangement 11.12.2026
Etne Røde Kors kr 200.000 til Camp Hjørnås 2027
Etne hagelag - for alle hageinteresserte! kr 200.000 til Hagemagasing 50-årsjubileum
Etne Golfsimulator kr 200.000 til minigolfbane og servicebygg med to golfsimulatorer
Sogespelet Etne kr 200.000 til Sogespelet 2027 - "Den unge Kongen"
Etne Idrettslag, Seniorgruppa kr 158.900 til verktøy
Olav Vik Stiftelsen Osnes kr 150.000 til rehabilitering naust og grillbu
SKAKKE - senter for skule, idrett og kultur kr 150.000 til ny kino-server
Etne Frivilligsentral kr 100.000 til 3D-printere, vinylkutter, pc
Etne Musikklag kr 100.000 til uniformar og jubileumskonsert/jubileumsfest
Kulturnatt Etne kr 100.000 til teknisk produksjon og marknadsføring
Stordalen Friluftslag kr 100.000 til Oppgradering av lavoen i Drevåsen+bålpanne
Mental Helse Etne kr 75.000 til foredrag "Naturen som lykkepille"
FAU Enge Skule kr 70.000 til fellesaktiviteter på tvers av skuletrinn
Etne Turlag kr 60.000 til informasjonstavler
Bondemarknad Etne 2026/2027 kr 100.000
Klatregruppa Etne IL kr. 50.000 til fornying av utstyr
Etne Sogelag kr 50.000 til Årbok 2027+ny nettside
Etne BMX og Skatepark kr 40.000 til Etne Pumptrack-bane byggetrinn 2
Litledalen Vel kr 35.000 til hjertestarter i Litledalsgrenda
Enge Bedehus 20.000 Lydutstyr i bedehussalen
Etne Husflidslag kr 20.000 til Bundandskurs, familiedag på Osnes, tur til Utne (Etne Husflidslag 40 år)
Etne Kyrkjelyd kr 20.000 til Busstur for eldre
Etne Sau og Geit kr 20.000 til Kåringsjå av vêrlam
Komiteen for Eldredagen kr 20.000 tilEldredagen 1. oktober
KRIK Etne kr 20.000 til Sofa og kiosk
K-M Karane kr 15.000 til trådløs mikrofon
Barnas Turlag Etne kr 10.000 til servering og premiar
Etne Soul Kids kr 10.000 til Julekonsert i Etne Kyrkje
Etne Turlag Seniorgruppa kr 5.000 til Bålkaffi og tur til "Kongestova" på Auastad

www.elagsfondet.no

26/09/2026

Tusen hjarteleg takk til Etne Elektrisitetslag for gåva på 200.000kr til Camp Hjørnås! Midlar frå Elagsfondet betyr utruleg mykje for oss❤️ Etne Røde Kors

25/09/2026
24/09/2026

Fantastisk🥰takk til Etne Elektrisitetslag for midlene til "Skaparverkstad"

24/09/2026

Tusen takk til Elagsfondet for gåver til både til Barnas turlag, seniorgruppa og sti- og varde. Vi skal gjere vårt beste for at pengane skal komme til god nytte og glede for alle dei som deltar på turar og aktivitetar i regi av Etne turlag. 🥳

Nokre gonger kjem dei gode initiativa på kort varsel – og då er det ekstra kjekt å kunna bidra.Elagsfondet er glad for å...
03/09/2026

Nokre gonger kjem dei gode initiativa på kort varsel – og då er det ekstra kjekt å kunna bidra.

Elagsfondet er glad for å kunna støtta Etne kyrkje sitt gode initiativ om å opna dørene onsdag 9. september for dei som ønskjer å følgja Kong Harald si gravferd saman.

Med storskjerm og god lyd blir det lagt til rette for ei verdig felles markering i kyrkjerommet.

Det blir høve til å koma frå kl. 11.00, og gravferda tek til kl. 13.00.

Me håpar kyrkja blir ein varm og god stad å vera denne dagen – der ein kan samlast, dela stunda med andre og finna rom for både ettertanke og fellesskap❤️

Onsdag 9. september kan folk i Etne samlast i kyrkja for å følgja Kong Harald si gravferd saman. Seremonien blir vist på storskjerm, og sokneprest Per Hjemdal håpar mange vil ta turen.

Adresse

Etne
5590

Åpningstider

Mandag 07:30 - 15:00
Tirsdag 07:30 - 15:00
Onsdag 07:30 - 15:00
Torsdag 07:30 - 15:00
Fredag 07:30 - 15:00

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Etne Elektrisitetslag legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Etne Elektrisitetslag:

Snarveier

Del