31/08/2026
Her er middagsmenyen for veke 36 – velkomen til bords 🧡
🥰Ei ny veke, og me er klar med heimelaga middag kvar dag:
🥳Måndag startar me med to klassikarar: panert sei med lauksmør, potet og kålstuing – og saftige kyllinglår med gulrøter, potet og brun saus. Ein god start på veka.
🛑Tysdag held kafeen stengt.
🧐Onsdag er det fiskegrateng med raspa gulrot, potet og løksmør. Og for dei som vil ha noko litt anna – elgkarbonader med gulrot, potetstappe og brun saus.
😋Torsdag er kompardag – som alltid 😋 Handlaga raspeball frå Signes Raspeball, med godt tilbehør. Dette er tradisjonsmat av det ekte slaget, og det er alltid fullt liv i kafeen denne dagen. Kom tidleg!
😘Fredag er det flesk og duppe på menyen – ein enkel, god rett som høyrer til. Den perfekte starten på helga
🤨Ingen dagens på laurdag, men mykje godt i kaféen
🤩Søndag avsluttar me veka med stil: oksesteik med grønsaker, potet og brun saus – og sosekjøtt med tilbehøyr.
Dagens middag vert servert kl. 12–17 alle opne dagar. Kom innom, ta deg tid, og lat oss lage middag til deg 🥰