14/05/2020
Siste sjanse til 17.mai - vi leverar egg, festkake og gardsbakst i heile Gudbrandsdalen! 🇸🇯🇸🇯🇸🇯
Køyrerute og utleveringstidspunkt fredag 15.mai:
> SKJÅK (heile dagen): Sjølvbetent henting i eggebue på Ånstad
> VÅGÅ (heile dagen): Sjølvbetent henting i eggebue ved Yx Vågå
> OTTA (kl 16:30 - 16:45): Utlevering på parkeringa AMFI Otta
> VINSTRA (kl 17:15 - 17:30): Utlevering ved Cirkle K på Lomoen
> RINGEBU (kl 18:00 - 18:15): Utlevering utanfor Skysstasjonen Ringebu
> ØYER (kl 19:00 - 19:30): Utlevering utanfor Kiwi Øyer (krev at du tingar gjennom Reko-ringen Hafjell)
Fredag 15.mai køyrer altså Nordigard Ramstad-eggspressen langs heile Gudbrandsdalen, og byr på desse godbitane:
🇸🇯 Gudbrandsdalskaku er ei smaksbombe bakt for hand med ingrediensar frå øvste hylle. Gudbrandsdalsegg frå eigen gard, G35 raudost frå eigen bygd og saft frå fjellbringebær. Samt kremfløyte, Baileys, lakrissirup, kokesjokolade, mandlar og anna godt. Kaka toler finfint både frys og kjøl i fleire runder. Allergenar: Mjølk, mandlar og egg. Glutenfri! Pris: 350 kr per kake
🇸🇯 Hardbrød (=flatbrød) bakt frå botn med grispotet (=mandelpotet) og grov sammalt kveitemjøl frå Skjåk. Samt litt farris som gjer brødet ekstra sprøtt. Pris: 300,- for fem leivar flatbrød. 600,- for 10 leivar flatbrød.
🇸🇯 Mørlefse Ferske frå takka! Pris: 55 kr for 5 stk mørlefse. 100 kr for 10 stk.
🇸🇯 Gudbrandsdalsegg med fjellheimens gulaste plomme: Pris: 100 kr per brett med 30 egg.
BESTILLING: Send ei melding til Nordigard Ramstad på messenger eller ein sms til 480 19 051 innan kl 10:00 fredag 15.april for bestilling, og du har snart munnen full. Betaling ved bestilling: Vipps 125552.
🏡 Nordigard Ramstad ligg i fjellbygda Skjåk, og driv i tillegg til Gudbrandsdalsegg frå frittgåande høner med gardsbakst og gardsovernatting.
Tips gjerne ein ven du unnar nydelege frukostegg eller nydeleg smaksbombe til 17.maifeiringa - og til lykke med feiringa!