Bitibua

Bitibua Utsal for lokalprodusert mat.

Gratulerer med dagen frå Bitibua! ❤️🤍💙Endeleg vår i fjellet! I vinddraget ligg lukt av myr og barmark, tranene trompeter...
17/05/2026

Gratulerer med dagen frå Bitibua!
❤️🤍💙
Endeleg vår i fjellet! I vinddraget ligg lukt av myr og barmark, tranene trompeterer og Bitibua tittar fram frå snøen. Helga 6.-7. juni startar nedvask og oppfylling av nye varer og så er drifta i gang for årets sesong🤩

02/10/2025

VINTER I VENTE ❄️❄️❄️
Laurdag er det spådd snøstorm i fjellet, og eg kjem difor til å STENGE BITIBUA i morgon, fredag ettermiddag. Eg har att ein del brun geitost og sender gjerne i posten dersom nokon treng å bunkre opp! Send meg i såfall ei melding på 97181545☺️
Det som er att av varelager, overlet eg til Valdres Vilt i Ulnes, så då kan de, i tilleg til mykje andre godsaker, også kjøpe ost der utover hausten🫎🥩☺️
Eg står altså i bua i morgon, fredag 3. oktober, og så skalkar eg luka.

Eg vil difor takke alle som har vore innom og handla, slått av ein prat, ete ein lapp og støtta drifta! Takk også til eminente produsentar som fyller bua med førsteklasses kortreist mat❤️
God vinter til alle, vi sjåast neste år! 😍😍😍

OPNINGSTIDER ut sesongen:Kvar dag fram til søndag 05.10. held vi ope frå kl 10-16.Vi har ostar og rømme og kjekjøt og sp...
24/09/2025

OPNINGSTIDER ut sesongen:
Kvar dag fram til søndag 05.10. held vi ope frå kl 10-16.
Vi har ostar og rømme og kjekjøt og speka elg og honning og mykje meir! Vi vil etter kvart gå tom for nokre varer, så løp og kjøp om du vil bunkre opp vinterlageret!
Eg lovar at takka skal gå varm gjennom heile haustferien og sørge for varme nysteikte lappar til fjellfolket ☺️🩷🍁⛰️
Velkomne!

Gratulerer!🤩 Blåtimen får du også i Bitibua🩵
19/09/2025

Gratulerer!🤩 Blåtimen får du også i Bitibua🩵

Avisa Valdres si sommarpatrulje kom innom og testa ost og lappar😊🤩
27/07/2025

Avisa Valdres si sommarpatrulje kom innom og testa ost og lappar😊🤩

Den vesle bua som ligger langs fylkesveg 51, noen kilometer nord for Beitostølen sentrum, drar til seg både lokale og langtreisende som ønsker å ta seg en bit.

Mat i verdsklasse! Blåmuggosten Godbiten er med rette kåra til ein av verdas beste ostar🩵 Rømmen frå Elvira er gul og tj...
16/07/2025

Mat i verdsklasse! Blåmuggosten Godbiten er med rette kåra til ein av verdas beste ostar🩵 Rømmen frå Elvira er gul og tjukk, rett frå stølen, og perfekt følge til flatbrød og speka elgkjøt! Geiteyoghurt og Mugnetind får eg frå prisbelønt budeie Kathrin på Olestølen🌼
Vi har hatt litt leveringsproblem med brun geitost, men frå og med fredag lovar eg ost til folket!
Ellers er det heitt til fjells, no bikka gradestokken 28 varme! Godt med ein liten bris då🤩
Velkomne til fjells❤️

Kjære dykk som har farta i området kring Bitibua i dag: Denne fine geita møtte ikkje opp til mjølking i kveld. Budeia ha...
24/06/2025

Kjære dykk som har farta i området kring Bitibua i dag: Denne fine geita møtte ikkje opp til mjølking i kveld. Budeia har vore og leitt høgt og lågt og no lurer vi på om nokon kan ha observert ho, død eller levande. Geiteflokken drog nordover i dag tidleg, men flakkar fritt og kan ha vore sørover i hyttefelta også. Øyremerket er 6532
Eg kan kontaktast på 97181545
Takk❤️

Snaaart er sesongen i gang! Fredag 6. juni er Bitibua oppe og går for ein ny sumar!☀️🐐🍦☕️🧀I dag kom is og juice og kaffe...
28/05/2025

Snaaart er sesongen i gang! Fredag 6. juni er Bitibua oppe og går for ein ny sumar!☀️🐐🍦☕️🧀
I dag kom is og juice og kaffe. I dagane som kjem, fyller eg på med ostar og kjøt og rømme og alt anna godt som høyrer fjellet til! Velkomne!🩷☀️🩷☀️🩷☀️🩷☀️

Stølskulturen har no hamna på UNESCO si liste over kulturuttrykk som har ein særskilt verdi. Øystre Slidre er den størst...
05/12/2024

Stølskulturen har no hamna på UNESCO si liste over kulturuttrykk som har ein særskilt verdi. Øystre Slidre er den største stølsregionen i nord-Europa. Vi sit på ei gullgruve av kunnskap og berekraft! Gratulerer!

Tysdag var det klart at stølslivet kjem på lista over viktig kulturarv. No blir det storstilt feiring for stølsbrukarane.

Vi går inn i siste veka! Eit dryss nysnø smeltar fort når sola kjem, og no er det spådd litt høgare temperatur dei neste...
29/09/2024

Vi går inn i siste veka! Eit dryss nysnø smeltar fort når sola kjem, og no er det spådd litt høgare temperatur dei neste dagane og null nedbør!
Eg tek ikkje inn fleire varer no, men satsar på at eg har att litt av alt fram mot helga.
Eg kan også sende i posten😊

Velkomne til fjells!

Ingen sak å stå tidleg opp for å hente geitost på Filefjell når ein får slike panorama med på kjøpet. Fjellet er no på s...
19/09/2024

Ingen sak å stå tidleg opp for å hente geitost på Filefjell når ein får slike panorama med på kjøpet. Fjellet er no på sitt finaste! Kaffien er varm, lappane er nysteikte og i hyllene ligg kvite, brune og blå ostar i lag med gult smør og tjukk rumme. Rakfisk, prim og leverpostei har eg også. Og kjekjøt og kurv og flatbrød og treak!
Opningstider ut sesongen er
tors -syn: 10.00 - 16.30
(Mån-tys-ons: ser det an m veret)
Veke 40: 10.00 - 16.30 kvar dag
Velkomne!

Adresse

Gardli
Beitostølen
2952

Telefon

97181545

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bitibua legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del