14/01/2025
AVA har i dag sendt SMS til våre kundar der me bed om at alle kontrollerer sine anlegg. Her orienterer me meir fyldig om utfordringane våre:
Det er nokre kundar som har inntaksleidningar som ikkje ligg frostfritt, eller som likevel frys dersom det er svært kaldt over lengre tid. Ein del av desse kundane tyr diverre til noko me kallar «frosttapping». Då vert ein vannkran sett på renning, slik at vassleidningen ikkje frys til. Slik tapping følest kanskje ikkje som så stort forbruk, men når mange gjer dette, og det pågår heile døgnet over mange dagar, er det utrulege mengder vatn som renn rett på havet. Dette medfører høge kostnader for AVA både i å produsere reint vatn, og å pumpe det ut til kundane. Slik kostnad er det du som kunde som må betale. For å unngå slik frosttapping, må alle kundar som har problem med frosne vassrøyr kontakte røyrleggar, slik at ein varmekabel kan installerast.
AVA har også gitt beskjed til dei lokale røyrleggarane, at dei ikkje skal tine frosne vassrøyr, utan at kunden aksepterer at det som del av tininga vert montert varmekabel i røyret, for å unngå at dette skjer igjen.
Eit anna problem er at når vatnet frys, kan det sprenge kranar og leidningar. Når så isen tinar igjen, oppstår det store vasslekkasjar. Dette ser me på dei elektroniske vassmålarane våre som står rundt omkring nokre stader i leidningsnettet. Desse målarane kan me sjekke via dritskontrollen vår til ei kvar tid, samt at me får alarmar når vassmengda går over ei viss mengde.
Problemet er at det ofte er store områder å leite i, så det er ikkje alltid me finn slike lekkasjar med ein gong. Då kan det renne ut vatn for fleire titals tusen hjå ein enkelt kunde. Spesielt gjeld dette i naust, løer og hytter som ikkje har dagleg tilsyn.
Det er derfor svært viktig at alle stenger av leidningar og drenerer vatnet ut, der bygget ikkje er i dagleg bruk. Kontroller dine anlegg/leidningar og kranar jamleg.