06/12/2023
Eg er så stolt over å være ein del av denne gjengen som på rekordtid sørger for at denne boka kjem til jol! Takk til Kjellbjørn, Frank og Gunvor for samarbeid og innsatsvilje!
Tølleiv var viktig for meg i mitt liv, men og ein folkemusikar som løfta fram Valdres, og soleis representerte oss alle. Uansett, alle som bryr seg om musikk har noko å lære av livet og musikken til Tølleiv! 🎶❤️
"REPLIKK I LÅTTEN" - HISTORIER OM SPELEMANNEN TORLEIV BOLSTAD
No like før jul kjem det ei bok som bør reknast som eit must for alle hardingfeleentusiastar og alle som er interesserte i 1900-talets lokal- og kulturhistorie i Valdres og bygdelaga i Oslo. Boka kan allereie no førehandstingast her: https://booking.duell.no/valdresmusea/standard/event/bok-replikk-i-l-tten-historier-om-torleiv-bolstad
Du som les denne boka, får sjå Torleiv Bolstad (1915-1979) frå Øystre Slidre gjennom augo til 20 forskjellige skribentar som bidreg med ulike perspektiv på spelemannen og miljøet han var ein del av. Boka er redigert av Elisabeth Kværne, Frank Rolland, Gunvor Hegge og Kjellbjørn Karsrud.
I tillegg til redaksjonelt skriveri kan ein lesa tekstar av Håkon Asheim, Bernt Balchen jr., Hallgrim Berg, Rolv Brimi, Knut Buen, Kolbein Dahle, Ola Grøsland, Knut Hamre, Rolf Karlberg, Inger Robøle Kristiansen, Sven Nyhus, Ingar Ranheim, Nils Rogn, Stian Roland, Erik Røine, Hans-Hinrich Thedens og Stein Versto.
Tekstane i boka varierer i sjanger, her er det både intervju med familiemedlemmar og læresveinar, kåseri sagt fram i konsertsamanheng, fagartiklar og personlege minne og refleksjonar, med ei god blanding mellom skjemt og alvor.
Utgjevar av boka er Valdres Folkemuseum, og boka kjem i handelen der like før jul. Om du ikkje skal innom Fagernes i førjulsstria, kan ho kan tingast på nettsidene til Valdres Folkemuseum og sendast heim til deg, så dukkar ho nok opp i postkassa i løpet av romjula.