Hjørundfjord Sogelag

Hjørundfjord Sogelag Hjørundfjord Sogelag er ein organisasjon som arbeider med å dokumentere historie frå Hjørundfjord for dei komande slekter.

Hjørundfjord sogelag vart skipa 11.januar 1978 og hadde såleis 25-årsjubileum i 2003. I mars månad var det stor høgtiding av dette jubileet på Bondalen Grendahus. "Laget skal arbeide for å ta vare på minne om folkelivet i farne tider. Eit vidare mål for laget er å skape interesse for fortida og knyte band mellom folket før og no, og vidare til komande slekter". Denne målsetjinga har medlemane i fellesskap arbeidd for å nå. Første storprosjektet til sogelaget var Hjørundfjordutstillinga i juni 1979. Kring 1200 eldre ting var utstilte på Sæbø skule. 3700 vitja utstillinga- eit økonomisk grunnlag var lagt - nye tiltak kunne realiserast. Første kulturvernprosjektet vart Strandabøen, seinare har sogelaget vore særleg aktive med vernearbeid i Storfjordområdet. Både Tue- og Tingstova, og siste året, Jod-buda på Bjørke har vore særleg viktige prosjekt for sogelaget. Våren 2003 vart restaureringa av Jod-buda med torvtak vere avslutta. Elles må vel arbeidet med årsskrifta nemnast. Lista over årsskrifta viser at fleire vesentlege emne er handsama. Innhaldsregistera i årsskrifta viser ei uvanleg breidde med omsyn til artikkelskribentar. Hjørundfjordingane har til fullnad vist at dei er skriveføre, og det må vere rett å seie at utruleg mange har vore med i arbeidet som ligg bak 25årsskrift på til saman 4536 sider. Mykje verdfullt tradisjonsstoff frå Hjørundfjorden er dermed sikra for komande generasjonar, og breidda i stofftilfanget er stor;vi får høyre om glede og sorg, spaning og slit, kvardagsliv og høgtid , fiske og fangst. Vi møter fjorden i solskin og svartestille, men også i eit einaste rok opp-piska av rasande tynnaknutar medan snøfonnene buldrar i fjellsidene. Ofte kjem vi nær menneska som kavar og slit for levebrødet i denne mektige, men krevande naturen. Vi møter dei kippskodde i guthelgdansen på sætra, men også i dramatisk kamp for sitt bare liv under snøfonna. Alle med slekt og/eller interesse for Hjørundfjorden må k**e grundig gjennom innhaldsregistera til årsskrifta! Mange av årsskrifta er vi i ferd med å bli utselde, så det hastar for dei som vil sikre seg dette stoffet

Adresse

Ørsta
6166

Telefon

90645207

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hjørundfjord Sogelag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Hjørundfjord Sogelag:

Snarveier

Del