17/11/2015
Dette stod i avisa Grannar Torsdag 12.11.15
Måndag kveld var det full fart på kjøkkenet på Bjoa. Skule og heile 15 små
kokkar arbeida ivrig med menyen som bestod av safarikake og hundebollar til pølse.
Skrevet av: Sirianne Vikestad
Dei hadde meldt seg på eit bakekurs hjå elevbedrifta Bakeglede, som består av fire ungdommar frå Lundeneset vidaregåande Skule. Ungdommar frå 2. klasse på Lundeneset vidaregåande skule har starta elevbedrift som tilbyr bakekurs for barn.
Bakeglede
Bakeglede vart til etter ei idémyldring der jentene frå Kvinnherad, Suldal, Randaberg og Senja fann ut at dei ville kombinera sine interesser innan baking og laga eit slik tilbod spesielt tilpassa for barn.
— Det er ein perfekt kombinasjon for oss, og det ser ut til at interessa også er stor, seier Astrid Helene Fagerheim frå Kvinnherad.
Målgruppa deira er barn frå 1.-4 klassetrinn og 5.-7 klassetrinn. Måndag kveld var deira første oppdrag med elevar frå småskulen ved Bjoa Skule.
— Det er litt krevjande med så mange barn fulle av energi, men det er veldig gøy å jobba med dei. Dei er ivrige etter å læra,
seier Fagerheim. Dei har allereie fått eit nytt oppdrag med elevar frå Ølensvåg skule og håpar på like godt oppmøte der som på Bjoa.
Fornøgde kokkar
Dei små kokkane på Bjoa, hadde mange lovord å komma med om elevbedrifta til ungdommane frå Lundeneset og synest det var kjekt å vera på bakekurs.
— Dett er knallkjekt, seier Alexandra Sandsgård (8) og meiner at kurshaldarane er dei flinkaste til å hjelpa. Her lærer me å laga mat og det er viktig for me må jo ha noko å spisa, legg ho til. Dei andre kokkane nikkar einig og tenker at dei kanskje skal prøve seg på å lage
bollehundar og safarikake heime på kjøkkenet for foreldra sine også.
— Når eg har besøk lagar eg vaffler til besøket mitt, og av og til middag til pappa, men mest vaffler, seier Erlend Tveit (8) og formar ein liten hund av bolledeigen han held på med.
Utfordrande og lærerikt
Kurshaldarane nyttar tida godt og held barna engasjert heile tida, for mellom heving og steiking blir det tid til både smakskonkurranse og andre leikar. På bordet ligg det mange teiknestifter og fargerike teikningar som barna held på med mellom kvar bakeøkt.
— Det er kjekt å planlegga eit program og setta det ut i praksis, seier Sandra Nerheim frå Suldal. Det å ta på seg ei leiarrolle med mykje ansvar er både utfordrande og lærerikt, påpeikar ho og ser allereie nokre endringar som må til for å betra tenesta endå meir. Elevane bak Bakeglede var fyrst litt usikre på kor lenge eit kurs skulle vare, men har funne ut at tre timar passar akkurat.
— Ungane har vore veldig snille med oss og det er kjekt at dei er nyfikne og spør mykje. Det viser at dei har lyst til å vera med, seier Nerheim som synest det er kjekt å sjå planane dei har med Bakeglede bli realisert.