Motbakkeløpet Storehesten Opp

Motbakkeløpet Storehesten Opp Storehesten ligg i Bygstad i Gaular kommune, og motbakkeløpet til toppen på 1209moh vart arrangert for første gong i 2006. Årets løp går 25.juni.

Følg med på www.storehestenopp.no for meir informasjon.

Det nærmar seg 600 underskrifterfor å ta vare på naturen kring Storehesten👌Sidan det er så stor interesse,  vil vi gi al...
28/04/2024

Det nærmar seg 600 underskrifterfor å ta vare på naturen kring Storehesten👌
Sidan det er så stor interesse, vil vi gi alle ein sjans. Du kan difor signere på lista inntil formannskapet i Sunnfjord skal handsame saka 16 mai!
Link finn du på oppslag nedanfor, på denne nettsida

Informer gjerne andre om saka👍

Underskriftsskampanje til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), Sunnfjord Kommune og Vestland Fylke - Klikk for å lese hele kampanjen!

Les, signer og del👌om du er enig.Det er fort gjort🙂Sjølv om det ikkje er motbakkeløp i år, er du Hjarteleg Velkommen til...
23/04/2024

Les, signer og del👌om du er enig.
Det er fort gjort🙂

Sjølv om det ikkje er motbakkeløp i år, er du Hjarteleg Velkommen til Skaraly, Lisjehesten, Storehesten og Blegja.

Underskriftsskampanje til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), Sunnfjord Kommune og Vestland Fylke - Klikk for å lese hele kampanjen!

Kan delast: Selsvatnet (bilde) ved Storehesten på veg til Skatteparadis i Luxemburg😥😥 ?Det kan du som privatperson, bedr...
06/04/2024

Kan delast: Selsvatnet (bilde) ved Storehesten på veg til Skatteparadis i Luxemburg😥😥 ?

Det kan du som privatperson, bedrift eller organisasjon vere med å avgjere ved å gi uttale til NVE innan 19.april i lenka under👍

Grunnen er at elvekraftverket Selselva Kraft As nyleg vart seld frå det børsnoterte selskapet Cloudberry til Norsk Vannkraft As. Heile 71 % av Norsk Vannkraft er idag eigd av Infrastrukturfondet CUBE III Energy Sarl frå Skatteparadiset for multinasjonale selskap i Luxemburg😥

Nyleg har Norsk Vannkraft søkt NVE om regulering av Selsvatnet og bygge ein demning som er ca. 80meter lang, like ved oppstiginga til Storehesten på Vardehaugane😥

Bygstad og Sunnfjord sit igjen med ein rasert natur og eit skite drikkevatn i eit av landets og etter manges meining verdas mest unike tur, natur og geologilandskap🤔
Gi di meining her no:
https://www.nve.no/konsesjon/konsesjonssaker/konsesjonssak/?id=8815&type=V-1

Selsvatnet ved Storehesten på veg til Skatteparadis i Luxemburg😥😥 ?Det kan du som privatperson, bedrift eller organisasj...
06/04/2024

Selsvatnet ved Storehesten på veg til Skatteparadis i Luxemburg😥😥 ?

Det kan du som privatperson, bedrift eller organisasjon vere med å avgjere ved å gi uttale til NVE innan 19.april i lenka under👍

Grunnen er at elvekraftverket Selselva Kraft As nyleg vart seld frå det børsnoterte selskapet Cloudberry til Norsk Vannkraft As. Heile 71 % av Norsk Vannkraft er idag eigd av Infrastrukturfondet CUBE III Energy Sarl frå Skatteparadiset for multinasjonale selskap i Luxemburg😥

Nyleg har Norsk Vannkraft søkt NVE om regulering av Selsvatnet og bygge ein demning som er ca. 80meter lang, like ved oppstiginga til Storehesten på Vardehaugane😥

Bygstad og Sunnfjord sit igjen med ein rasert natur og eit skite drikkevatn i eit av landets og etter manges meining verdas mest unike tur, natur og geologilandskap🤔
Gi di meining her no:
https://www.nve.no/konsesjon/konsesjonssaker/konsesjonssak/?id=8815&type=V-1

Storehesten formasjonane. ein "geologisk nasjonalarv"...
Storehesten (Kvamshesten) "er et ruvende landsmerke som representerer noen av de mest dramatiske tektoniske prosessene i Norges geologiske historie" seier Halfdan Carstens, ansvarlig redaktør av GeoPublishing AS.
Bildet teke mot sør frå Staurane, - nordsida av Storehesten ogl Selsvatnet i forgrunnen.

Det blir heller ikkje arrangert Storehesten Opp i 2024. Grunnane er mange. Men det er muleg noko vil skje i 2025.Storehe...
04/04/2024

Det blir heller ikkje arrangert Storehesten Opp i 2024. Grunnane er mange. Men det er muleg noko vil skje i 2025.
Storehesten er sentral i ein Geopark i regionen, der det nyleg er søkt UNESCO status. Fordi geologien i området er unik i nasjonal og internasjonal samanheng.
Svar er venta i 2025.

VELKOMMEN til Skaraly og sauene på vegen til Storehesten når du vil🙋👍

MINNER FRÅ 2022-LØPET😀😀😀Her er eit utval av bilder som vart teke under dagens Storehesten Opp.Fotografar er mellom andre...
25/06/2022

MINNER FRÅ 2022-LØPET😀😀😀

Her er eit utval av bilder som vart teke under dagens Storehesten Opp.

Fotografar er mellom andre Solveig Grimelid Kårstad, Bodil Ryste og Stig Roger Eide.

Tusen takk for ein veldig flott dag. ❤️❤️

KVEN SKULLE TRU AT HO ER GRAVID?❤️❤️❤️Karoline Holsen Kyte knuste allereie EM-klare Anita Iversen Lilleskare i Storehest...
25/06/2022

KVEN SKULLE TRU AT HO ER GRAVID?❤️❤️❤️

Karoline Holsen Kyte knuste allereie EM-klare Anita Iversen Lilleskare i Storehesten Opp. Så kan ho fortelje at ho er gravid og difor tek eit kvileår!!

På laurdag såg deltakarane på Storehesten Opp ein idrettsprestasjon av det sjeldne. Karoline Holsen Kyte understreka føre start at ho ville ta det forsiktig då ho har fått stadfesta at ho er gravid, og difor skal ta eit kvileår. Noko som også er forklaringa på at ho knapt har konkurrert tidlegare i år.

Men oppover på det 1209 meter høge fjellet Kvamshesten hadde ho vanskar med å halde igjen, og regelrett fossa frå den norske EM-deltakaren Anita Iversen Lilleskare. I mål skilde det nesten seks minutt, og Førde-jenta passerte målstreken på imponerande 1 time 19 minutt og 11 sekund. Faktisk er dette berre litt over sju minutt svakare tid enn den legendariske løyperkerorden til Heidi Weng på 1.11.53, som er 11 år gamal.

Termin ved nyttår🎉🎊🎉

Enda meir imponerande er det at Karoline Holsen Kyte gjer dette løpet medan ho er tre månadar på veg.

- Ja, det stemmer. No er dette offentleg. Halvdan Emil og eg ventar vårt første barn ved årsskiftet. Faktisk har eg termin 1. januar, smiler Karoline til Storehesten Opp sin skribent føre start.

Men at det var ei gravid kvinne som la i veg var knapt synleg.Ho fest tidleg grepet på allereie EM-klare Anita Iversen Lilleskare, og på Stølshaugane hadde ho fått ei god leiing på den norske EM-deltakeren. Ei leiing som berre vart større og større opp mot mål.

EM på fredag🇳🇴🇳🇴🇳🇴

Og medan Karoline var fullstendg suveren i kvinneklassa, vann sambuaren Halvdan Emil Færø herreklasse «under kontroll».

- Eg skal springe EM-løp i Spania førstkomande fredag og søndag, og brukte dagens løp til å få ei gjennomkøyring. Eg valde å halde følgje med Geir Steig frå Luster til litt forbi dagsturhytta, men opplevde så at han stivna litt. Då valde eg berre å auke på litt, smiler sambuaren til Karoline Holsen Kyte. Og han vedgår at oppladninga til løpet kunne ha vore betre.

- Vi kom med fly frå Oslo natt til laurdag, og så var det rett til start her. Ikkje optimalt, men eg likar denne løypetraseen veldig godt, og kosa meg oppover, smiler løparen som opphaveleg kjem frå Osteridet i «gamle» Alvær kommune.

Bestetid i herreklassa vart 1, 11, 11, og dette er åtte minutt svakare enn løyperekorden til kenyanske John Sompol frå 2011.

-Det er ei knallhard tid som det skal noko til for å straffe. Men vi får sjå ved seinare løp i Storehesten Opp, seier Færø etter returen frå 1209 meters høgde.

Facebook-sida til Storehesten Opp kjem med meir stoff, og ikkje minst bilde, frå dagens motbakkefest litt seinare. Så følg med!!

Tekst og foto: Stig Roger Eide

NO ER VI KLARE! ER DU?😀❤️😀Fredag kveld kom dei første løparane til årets "Storehesten Opp", og arenaen er ferdigrigga. N...
24/06/2022

NO ER VI KLARE! ER DU?😀❤️😀

Fredag kveld kom dei første løparane til årets "Storehesten Opp", og arenaen er ferdigrigga. No ventar vi berre på storinnrykket!

Med allereie EM-klare løparar som Anita Iversen Lilleskare og Halfdan Emil Færø på startstreken så er vi sikra god fart oppover løypene mot Storehesten i morgon. Dessutan er det knytt store forventningar til førdejenta Karoline Holsen Kyte og hennar start i årets "Storehesten Opp".

Massemønstring😀😀😀

- Det er god deltaking i konkurranseklassene, men det store innrykket ventar vi sjølvsagt når det gjeld mosjonistar. For i dette knallvêret, trur eg det blir bra med folk oppover frå morgontimane av, seier Helge Kårstad og ser at frivillige riggar i stand startområdet fredag kveld.

God plass👍👍👍

- Med Anette Hestad Stave og Thomas Holme Smådal i Ferske Smakar til å ordne maten, så trur vi det er mange som kjem til å kose seg her på Sveen gjennom laurdagen. Og hugs vi startar med å køyre bussar oppover til Stølshaugane frå omtrent 08.00. Og sekretariatet er ope før det. Så ingen tvil om at vi er klare. Faktisk trur eg vi aldri har vore så godt førebudde som i år, seier Helge Kårstad og pakkar ut premier som blir trekt ut mellom deltakarane.

- Etter så mange år utan skikkeleg løp, så er vi veldig spente i år. Men vi trur sunnfjordingane har lyst på ein fjelltur i dette flotte vêret. Og vi er sikre på at det blir breie smil over heile fjøla i morgon, seier Kårstad og ser dei første deltakarne møte opp for å hente sine startnummer.

Masse som skjer😁😁😁

Du finn meir informasjon om løpet her:

https://www.facebook.com/storehestenopp

Og for dei yngste vert det rebusløp oppover mot Skaraly, og i dagsturhytta vert det også høgtlesing for dei yngste.

Så i morgon finst det ingen grunn til å halde seg heime.

Ser DEG på Storehesten laurdag, da!!!😀😀😀

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Siste oppdatering på løypa dagen før dagen🏃🏼‍♀️I mosjonsklassen kan ein no melde seg på til sekretariatet i kveld kl 19-...
24/06/2022

Siste oppdatering på løypa dagen før dagen🏃🏼‍♀️

I mosjonsklassen kan ein no melde seg på til sekretariatet i kveld kl 19-20, eller i morgon frå 8. Konkurranse kan melde seg på via nett fram til start i morgon🏃🏼‍♀️

Løypeforhold og merking av løype per fredag 24.6: Snøfritt og tørt til Skaravatnet/dagsturhytta Skaraly (mykje av stien er gruslagt) Møter ein liten snøflekk ved passering Skaravatnet (mykje vil…

ALLE BØR OPP HIT PÅ LAURDAG❤️❤️❤️Vêrmeldingane for årets "Storehesten Opp" er heilt fantastiske, så laurdag bør vere den...
24/06/2022

ALLE BØR OPP HIT PÅ LAURDAG❤️❤️❤️

Vêrmeldingane for årets "Storehesten Opp" er heilt fantastiske, så laurdag bør vere den perfekte turdagen.

Vi har lenge vore usikre på om vêrgudane ville stille seg på vår side med tanke på årets "Storehesten Opp". Og når vi i dag, berre 24 timar føre starten, kan sjå dette majestiske fjellet ligge bada i sola, så går smilet nesten heilt rundt her hos oss.😀😀😀

For i morgon blir det ein svært god dag, og på toppen av dette 1209 meter høge ikonfjellet i Sunnfjord vil temperaturen vere mellom 10 og 14 grader. Noko som er heilt ideelt med tanke på ein fjelltur.

Så meld deg på årets Storehesten Opp du også, og ta turen via den populære dagsturhytta Skaraly, Vardehaugane og til topps med den fantastiske utsikta.

Men husk solkrem og nok drikke.😀😀😀

Og når du kjem ned igjen kan du kjøpe deg grillmat og anna nede på Sveen i Bygstad.

Tenk for ein herleg dag dette kan bli på Storehesten!
Meld deg på her: www.storehestenopp.no/pamelding

Vi gler oss til å sjå deg. Og husk at det går bussar i skytteltrafikk mellom Sveen og Stølshaugane.😀😀😀

Adresse

Bygstad
Bygstad
6977BYGSTAD

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Motbakkeløpet Storehesten Opp legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del