07/10/2023
Ei heil vekes jubileumsfeiring er til ende, og det vart avslutta med ein storstilt jubileumsfest på Hjerterommet. Vår avtroppande daglige leiar, Janneke, var konferansier for dagen, og kunne stolt ynskja velkommen både publikum og vårt eige kor, Tveitekoret. Koret åpna festen med vakker sang, akkompagnert av Guri Dypvik på piano, og leia av vår faste dirigent, Maria Bersås. Koret avslutta med sangen "Jag trodde ënglarna fanns..." og nettopp dette vart det Tor Brekkeflat ville snakka meir om når han formidla ei helsing frå Slettebakken Menighet. I møte med pårørande høyrer han ofte desse uttrykkja uendelig stor takknemlighet for alle "englane" som jobba på SME, som kvar dag står opp, går på jobb både dag, kveld og natt for å gje bebuarane våre god pleie og omsorg, og bidrar til å gjera livet på Slettebakken til ein god stad å vera. Styreleiar Kåre Segedal kom med ei helsing frå styret, og ynskte SME lukke til med nye 40 år! For nokre år sida hadde vi eit skriveprosjekt her ved SME, noko som munna ut i ei flott samling av tekstar. Tre av desse bebuartekstene vart framført av Hulda Kvinge, tonesatt av Guri Dypvik. Avslutningsvis fekk vi sjå ein billedkavalkade frå vårt rikholdige billedarkiv: SME gjennom 40 år! Etter festen er det berre begeistring å spora. For ein fest! Sigrun og Ragna synes det har vore ei stor oppleving og ei rørande stund. - Om vi måtte tørka eit par tårer, var det av rein glede... avslutta Ragna.Takk til Janneke som leia festen, som bandt det heile så fint saman, og som skildra 40- års jubilanten si historie på mesterlig vis!